Hopp til innhold

Private barnehagar slepp å betale

Dei to private barnehagane, Borgundvegen barnehage og Trollhaugen i Ålesund, slepp å betale tilbake to millionar kroner i tilskot til kommunen. Fylkesmannen konkluderer med at pengane mellom anna har gått til høge leiarlønningar, ein bil og private lån, og er i strid med lova. Kommunen får likevel ikkje krevje tilbake pengane, på grunn av mangelfulle vedtak. Tidlegare i haust konkluderte fylkesmannen med at også ein tredje barnehage slepp å betale tilbake på grunn av feil hos kommunen.

Trollhaugen barnehage i Ålesund
Foto: Øyvind Sandnes / NRK