Prislappen på å sikre bygde-Noreg fram mot år 2100 kan bli svimlande høg

STRANDA (NRK): Dei neste 80 åra vil det bli meir jordras, flaum, og styrtregn. Utfordringa er om dei små kommunane i landet har beredskap til å takle desse klimaskapte endringane.

Jordras på fylkesveg 61 ved Sulesund.

SULESUND: Nyleg gjekk det eit jordskred over fylkesveg 61 i Sula kommune. Det førte til at vegen var stengt i mange dagar. Slike skred kan ein vente seg mange av i framtida.

Foto: Jan Erik Finsæther / NRK

Regnfulle skyer ligg tett over Stranda kommune på ein våt haustdag i november. Ifølgje NRK si oversikt vil dette prege kvardagen til kommunen meir og meir dei neste åra. Spørsmålet no er om kommunen er rusta til å takle desse endringane.

Då eg byrja i politikken på 80-talet, så trur eg ikkje vi snakka om beredskap i det heile tatt, seier ordføraren i Stranda kommune, Jan Ove Tryggestad (Sp)

I dag er han overtydd om at diskusjonen om miljøskapte endringar har sett nettopp beredskap høgt på dagsordenen.

I kommunen han styrer er det høge fjell og djupe fjordar. Fare for jordras og flaum blir stadig større. Ordføraren har ansvaret for at beredskapen fungerer til ei kvar tid.

– Lyden på mobilen er alltid på. Når vi ventar dårleg vêr er eg alltid førebudd på at det kan skje noko, seier Tryggestad.

Hellesylt i Stranda kommune.

HELLESYLT: Sentrum i bygda Hellesylt i Stranda kommune er veldig utsett for klimaforandringane fram mot år 2100.

Foto: Øyvind Sandnes / NRK

Vil koste milliardar

For å unngå at bygda blir heilt eller delvis lamma av flaum eller ras må det på plass sikringar som hindrar størst mogleg skade. Det må også på plass ein plan for kven som skal rykke ut, noko som vil koste.

– Det vil koste uhorveleg mykje pengar. Mange titals milliardar. Eg trur vi må løyse det gjennom gradvis opptrapping.

Skriv inn din kommune her! Sjekk klimaet der du bur:

Sjekk klimaet der du borSøk etter din kommune

I same båt

Ikkje langt frå Stranda ligg Ørsta kommune. Dei slit med dei same problema. Ordførar Stein Aam (Sp), som også er gardbrukar på si, har sett store endringar i klimaet dei siste 30 åra.

– Før var det snøskred i dei bratte, vanskelege fjella i Ørsta som var problemet. Dei siste 30 åra har vi sett fleire jordras etter styrtregn. Vi ser at det blir meir og meir av dette, seier Aam.

Ordførar Stein Aam i Ørsta er letta dersom det viser seg at det no er den sakna polske kvinna Maja Herner som er funne

ØRSTA: Ørsta kommune er også preg av mange ras. Ordføraren i kommunen seier han fekk seg ein vekker om beredskapen i kommunen då han vart ordførar.

Foto: Remi Sagen / NRK

Han meiner staten må kome med endå meir pengar til å ruste opp beredskapen i kommunen. Staten må også bli flinkare til å prioritere distriktskommunar.

– No er det dei sentrale stroka med mange innbyggarar som får midlar. Distrikta blir taparane. Staten har ikkje forstått skikkeleg dette med å løyve midlar til å førebygge, seier han.

Olje og energiministeren meiner derimot at distriktskommunar får pengar frå staten til sikringstiltak. Til neste år vil regjeringa gi til saman 500 millionar kroner til NVE, som jobbar med flaum- og skredsikring.

– NVE prioriterer bistand til sikringstiltak basert på risiko og kost/nytte, slik at statleg tilskot kan bidra der pengane gir mest mogleg sikkerheit. Dette er uavhengig av størrelsen på kommunane, seier Tina Bru.

Det blir villare, våtare og varmare

På kontoret til ordførar Jan Ove Tryggestad, høyrer ein bruset frå Storelva, som går rett forbi kommunehuset i Stranda. Om denne elva går over sine breidder, kan det føre til at ein ikkje kjem seg inn i kommunehuset der alle dei viktige funksjonane er.

– Her er helsepersonell samla, og toppleiinga i kommunen som har øvste beredskapsansvar om det skjer noko, seier Tryggestad

Allereie der møter vi på eit problem med beredskapen i kommunen.

Forskarane rekna med at Stranda kommune vil bli 2,1 grad varmare om 80 år, sjølv om vi klarar å få til mange gode utsleppskutt. Ein varmare sommar vil også bety meir nedbør. Allereie i dag er Stranda ein av dei våtaste plassane i Noreg. I framtida vil det bli enda våtare.

Det som verkeleg vil påverke kommunen, er styrtregnet. Vi snakkar om overfløymingar som kan koste fleire hundre millionar kroner. Nesten ingen kommunar har system for å ta unna så mykje vatn.

Forskarane har rekna ut av havnivået stig med 27 centimeter i Stranda om vi er middels flinke til å kutte i klimagassutslepp. Myndigheitene meiner vi må ta høgde for ei stigning på 72 cm.

Og desse hendingane kan skje samtidig, og veldig ofte. Både stormflo og eit kraftig styrtregn. Det vil presse naudetatane til det ytste.

– Vi må ha ein operativ naudetat i Stranda, den må vi ikkje bygge ned. Vi kan ikkje vere avhengig av å hente redningsmannskap med helikopter frå Ålesund til dømes. Vi må ha folk lokalt som vi kan ringe når krisa er eit faktum, og desse må vere tilsett i større stillingar enn det brannmannskapet er i dag.

Tryggestad peiker blant anna på at ein kan ha eit enda betre samarbeid med nabokommuner, der dei kan stille opp med mannskap og utstyr når behovet melder seg.

Frivillige brannmenn er beredskapen

Ordføraren i Stranda Jan Ove Tryggestad. Bak ser ein Storelva.

STORELVA: Jan Ove Står saman med Storelva i Stranda sentrum. Til høgre for Tryggestad står blant anna kommunehuset. Om denne elva går over sine breidder, kan kommunehuset stå i fare.

Foto: Solveig Nyhus Aksnes / NRK

Økonomien er eit stadig tilbakevendande problem til kommunar i Noreg der det bur få folk. Spørsmålet blir kor mykje pengar dei skal få for å sikre innbyggarane sine.

For i Stranda, som mange andre stadar i landet med få innbyggarar, så er brannmennene tilsett i stillingar på 2 prosent. Dei sit ikkje på vakt å svingar seg ned ei brannstong når dei må på utrykking. Då er dei kanskje heime eller på jobb. Eller dei kan vere ute på tur.

Om det skjer noko, får dei beskjed på ein radio som dei har med seg heile tida. Då er det alle mann på dekk.

Sjølv om det frivillige brannvesenet i Stranda stiller opp til ein kvar tid, meiner Tryggestad at det er problematisk at nettopp dette er basert på frivillig innsats.

– Det er problematisk at vi ikkje kan forvente at alle kan stille når alarmen går, fordi dei er tilsett på ei så lita stilling. Per i dag fungerer det godt, men i framtida trur eg vi treng å profesjonalisere det meir. Og at vi samlokaliserer naudetatane, også på tvers av kommunar, seier Tryggestad.

I det frivillige brannvesenet i kommunen finn vi blant anna Fredrik Malmo. Til vanleg jobbar han som lærar ved ungdomsskulen i Stranda.

Frivillig brannmann i Stranda kommune. Fredrik Malmo.

FRIVILLIG: Fredrik Malmo er nytilsett som frivillig brannmann i Stranda kommune.

Foto: Solveig Nyhus Aksnes / NRK

Han trur utfordringa i framtida blir korleis ein kjem seg fram under utrykking, og kor lang tid dei brukar på det.

– Det er to faktorar som er viktig for oss. Det er tida vi brukar og korleis vegen fram til ulykkesstaden er. Om vegen er stengt på grunn av ras eller flaum, så har vi eit problem.

Tryggestad si største bekymring med tanke på beredskapen i kommunen, så er det fråflytting. For om ingen bur i kommunen, så er der heller ingen som kan vere i beredskapen.

– Her i Stranda er vi veldig heldige, fordi vi har mange lokale entreprenørar. Vi har mange bønder og andre som kan handtere store maskinar. Desse vil vere til god hjelp i eit ras eller i ein flaum. Det er viktig å sikre busetnaden i kommunen, for det er ein del av beredskapen.

Jordskredet i Jølster

Den 30. juli i 2019 kom døme på korleis det blir dei neste 80 åra. På grunn av veldig lokalt styrtregn gjekk det fleire jordskred i Jølster i Vestland fylke. Dette har også sett eit djupt inntrykk på dei to ordførarane, som kan vente at det same skjer i deira kommune.

– Stranda er ikkje så veldig langt frå Jølster. Det kunne like så godt ha skjedd her, seier ordføraren i Stranda.

Også ordføraren i Ørsta seier dette var ein forsmak på korleis framtida blir.

– Vi ser klimaendringane allereie no, og det kjem til å bli verre.