NRK Meny
Normal

Priskrig fører til rekordsal av påskegodt

Du kan kjenne den søte lukta på lang avstand. Godtedisken luktar sukker, sjokolade, surt og søtt. Det er påske. Køane ved godtediskane er lange. No skal det smakast og etast.

Påskegodteri

Sølvi Sylte Olsen og Gunvor Kaldhol fyller opp godteposane sine til påske.

Det er priskrig på påskegodt. Butikkjedene vil gjerne ha deg som kunde, og lokkar med påskegodt til både 4.90 og 5.90 pr. hekto. Og prisane lokkar fram både smil og kjøpelyst hjå kundane.

No har eg fått meg oldebarn. Dei må få seg godteri til påske, seier Sølvi Sylte Olsen. Oldebarna skal på hyttetur. Og oldemor sørgjer for at etterkomarane får med seg kos på turen. Sjølv skal ho vere heime i påska.

Ho står i godteavdelinga saman med venninna Gunvor Kaldhol.

Vi kjøper nok litt ekstra fordi det er så billig, seier ho. Men no kan vi ikkje ta meir, seier ho og brettar saman posen.

– Men kva tykkjer du om at butikkjedene driv med slik priskrig?

– Nei, vi må no berre følgje med. Vi ser jo alle andre som går rundt og forsyner seg her. Vi må no berre vere med vi også, ler ho.

Sølvi Sylte Olsen skrattar og ler mens ho forsyner seg. Det har blitt både godteslangar og litt av kvart av alt det andre som ligg i boksane på dei store godtestablane i butikken.

Eg veit ikkje kva alt dette er. Eg har aldri vore snopete sjølv og har teke godt vare på tennene, seier ho og fyller godteposen med litt meir lakris.

Prisen blir dumpa til jul og påske

Historisk viser statistikken at det er jula som var vore den store høgtida for godteri og priskrig. Statistikken viser at prisane på sjokolade, konfekt og drops blir dumpa i desember.

Statistikken for påska er litt vanskelegare når det gjeld påska, i og med at denne høgtida nokre gonger er i mars og andre år i april. Men også her er tendensen klar: Prisane på sjokolade, konfekt har gått kraftig ned desse månadene.

Slik varierer prisane

Pris godteri

Slik varierer prisane på sjokolade, konfekt, drops etc. etter årstida. Tala kan tyde på priskrig rundt høgtidene.

Foto: Statistisk sentralbyrå

Slik er priskrigen

I desember 2009 gjekk godteriprisen ned med 3,4 prosent. I desember året etter gjekk prisane ned med 4,0 prosent. I påskemånaden april i 2011 er det registrert ein prisreduksjon på 5,9. Heile andre halvår i 2011 var prega av ein jamn prisnedgang på godteri, heilt frå august og ut året, med unnatak av september.

Godteriprisane i 2014 har hatt berre små endringar etter nedjusteringa kring jul. Og apriltala har ikkje kome enno.

Påskegodt
Foto: Malin Kjellstadli Korsnes / NRK

Mange ved godtediskane

I butikkane står stablane med godteri. Butikkbetjeninga fyller på nytt godteri så fort dei kan. Og rundt stablane står kundane med pose og godteskei i hendene.

– Det har vel hendt at eg har ete så mykje at eg har blitt kvalm, seier Guro Hesseberg (15).

Ho plukkar godteri i éin pose. Og det skal vere nok med denne eine posen. Det er dei sure godteria som er favoritten. Familien brukar å samle alt godteriet i ei skål

– No handlar vi smågodt som vi skal ha heile påska. Og det er til heile familien, seier 15-åringen. Ho går kring godtedisken saman med mamma Wenche Hesseberg.

– Vi må ha litt ekstra godt når det er påske, seier ho. Men det blir ikkje noko overdådig. Og no var det tilbod på smågodt, så vi nyttar oss av denne sjansen, legg ho til.

– Blir det slik at de fyller posen ekstra mykje når det er på tilbod?

– Ja, det blir sikkert litt meir enn vanleg, smiler Wenche Hesseberg.

– No skal påskeegga fyllast

Og dei er slett ikkje åleine. På kjøpesentera over heile Noreg flokkar folk seg kring godtediskane. Då enkelte av butikkjedene reduserte prisane til 4.90 pr. hekto følgde fleire andre kjeder etter. 4.90 og 5.90 er dei mest vanlege prisane på smågodt påska 2014.

Veldig mange handlar masse smågodt, og ikkje berre litt. No skal dei fylle opp påskeegga. Folk har nok hatt små påskeegg i mange år. Men eg har inntrykk av at påskeegga har blitt både større og meir innhaldsrike. Det har rett og slett blitt ein tradisjon, seier senterleiar på Moa Amfi i Ålesund, Anne Mari Rødal Kleppe.

Anne Mari Rødal Kleppe
Foto: Malin Kjellstadli Korsnes / NRK

Rødal Kleppe har eit inntrykk av at folk kjøper langt meir smågodt no enn før. Og dei store prisreduksjonane på smågodt kan vere årsaka, trur ho.

Årsaka kan vere at smågodt har blitt så billig. Og avisene skriv om priskrig på smågodt og vi høyrer om dette på radio og det er reportasjar på TV. Folk blir kanskje «trigga» til å kjøpe litt ekstra, seier ho.

Påskegodt
Foto: Malin Kjellstadli Korsnes / NRK

Jan Sindre Andreassen har kjøpt både lakris, karamellar og sjokolade. Også han fortel at det blir ekstra mykje godteri til påske.

Eg har vel ikkje heilt oversikt over kor mykje ekstra det blir. Men det blir no litt ekstra når det er så pass billig, seier han.

Kvar pose inneheld om lag éin kilo påskegodt. Og Andreassen har ein plan med alt godteriet han kjøper. Godteriet skal hamne i påskeegga til ungane.

Det vil ha påskeegg sjølv om ungane er blitt store. Då blir det fort ein stor dunge med godteri. Og dette er berre éin av mange posar, skrattar han og viser oss posen full av smågodt.