Hopp til innhold

Prisdryss til merkevarer frå Møre og Romsdal

Bedrifter i Møre og Romsdal gjorde nærast reint bord under prisutdelinga ved Møbel- og interiørkonferansen i Oslo torsdag kveld.

Designprisvinnarar 2015

Rom & Tonik, Ekornes og Fjordfiesta frå Møre og Romsdal har vunne prisar.

Foto: Montasje

Prisane for «Årets merkevarebygger», «Årets kontraktsprodukt» og «Klassikerprisen» blei henta heim til Møre og Romsdal av høvesvis Ekornes i Sykkylven, industridesignarane Rom & Tonik i Ålesund og Fjordfiesta i Molde.

Himling av saueull

FeltCeiling

FeltCeiling, designa av Rom & Tonik i Ålesund, dempar akustikk frå taket.

Foto: Fin Serck-Hanssen

Aller mest spennande er kanskje produktet FeltCeiling som industridesign-duoen Rom & Tonik står for, nemleg dekorative akustikkdemparar for tak laga av rein ull. Ulltaket blei kåra til «Årets kontraktsprodukt».

Ein svært god idé og eit enkelt, fleksibelt og dekorativt produkt, seier juryen blant anna. Grunnleggar, industridesignar og halvparten av Rom & Tonik, Birgitte Linde Røsvik, er svært glad for prisen.

– Dette er veldig, veldig gøy! Vi har hatt eit par tøffe og magre år sidan vi starta opp, så det betyr svært mykje for oss å bli anerkjente for det vi driv med på denne måten, seier Røsvik.

Mats Solberg og Birgitte Linde Røsvik

Mats Solberg og Birgitte Linde Røsvik i Rom & Tonik vann pris for ulltaket sitt.

Foto: Kristin Støylen

Rom & Tonik blei til då Røsvik, som er frå Vigra, og Mats Solberg frå Oslo studerte industridesign ved NTNU i Trondheim då dei utvikla ideen til støydemping og romskiljarar laga av ull.

Vann pris i studietida

Forretningsplanen dei laga var så god at dei vann førstepremie og eit stipend på 70.000 kroner i forretningsplankonkurransen Venture Cup.

– Hadde vi ikkje fått det puffet hadde vi neppe turt å satse slik vi har gjort, seier Røsvik.

Dei tidlegare studiekameratane har hatt to tøffe og magre år, men med støtte frå Innovasjon Norge, hardt arbeid og sterkt pågangsmot er dei klart å slå seg opp. No ser framtida lys ut for dei to gründerane.

«Årets merkevare» til Ekornes

Stressless Metro

Stressless Metro er ein del av Ekornes sin nye kolleksjon.

Foto: Ekornes ASA

Den nye kolleksjonen til Ekornes i Sykkylven var sterkt medverkande til at konsernet bak eitt av verdas mest kjende møbelmerke fekk prisen for årets merkevare. Juryen uttalte at Ekornes har ei særstilling i norsk møbelbransje og antakeleg kunne ha vunne denne prisen kvart år. Men denne gongen var det altså den nye kolleksjonen som vippa vektskåla.

«Klassikerprisen» til Fjordfiesta

Krobo benk frå Fjordfiesta

Den fornya Krobo benk frå Fjordfiesta i Molde vann «Klassikerprisen».

Foto: Fjordfiesta

Molde-bedrifta Fjordfiesta vann pris for den vidareutvikla klassikaren Krobo benk. Eit enkelt møbel med stort bruksområde, meiner juryen. Benken har fått tilleggsutstyr som gjer den relanserte klassikaren til eit nytt og tidsmessig produkt, skriv juryen i grunngjevinga si.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL