NRK Meny

Pris til Island Offshore

Island Offshore vart tildelt prisen som «Årets maritime lærebedrift» for 2015 under Haugesundskonferansen i dag. Dette er ein pris som vert tildelt ei bedrift som har utmerka seg i særs positiv retning for rekruttering av norsk maritim kompetanse. Næringsminister Monica Mæland overrekte prisen til Training Manager Svein Magne Tenfjord frå Island Offshore.

Næringsminister Monica Mæland og Svein Magne Tenfjord
Foto: Island Offshore