Hopp til innhold

Primusen blei redninga for minstemann

Uvêret det siste døgnet har gjort Sonja Merete Myklebust Lade og familien på Rovde i Vanylven straumlaus. Situasjonen vart ekstra ille sidan ho har ein tre veker gammal gut som er avhengig av morsmjølkerstatning. Primusen blei redninga.

Sonja Merete Myklebust Lade

Uvêret det siste døgnet har gjort Sonja Merete Myklebust Lade og familien på Rovde i Vanylven straumlaus.

Foto: Privat

Kvart over ti onsdag kveld slo lynet ned på Rovde i Vanylven kommune, og fire av trafostasjonane i bygda blei slått ut. Dette førte til at mange av bygda sine bebuarar blei straumlause, og spesielt mange blei råka på Sundnes der Sonja Merete Myklebust Lade og familien bur. Straumen går ofte i dette området under uvêr, ifølgje Sonja Merete.

– Det er frustrerande. Det er nesten som om eit lite vindpust kan gjere at straumen forsvinn i kortare eller lengre periodar, seier Sonja Merete Myklebust Lade.

Konsernsjef og administrerande direktør i Tussa, Elling Dybdal, seier i eit intervju med NRK Møre og Romsdal torsdag føremiddag, at to av dei fire trafoane som blei slått ut onsdag kveld, no er innkopla igjen.

– Dei to resterande trafoane på Rovde skal vere i drift igjen innan slutten på arbeidsdagen torsdag, seier konsernsjef Elling Dybdal.

Heldt varmen framfor peisen

At trafoane snart er i drift att er godt nytt for Sonja Merete Myklebust Lade og ektemannen Johnny, men dei såg nok ikkje føre seg at straumen skulle bli borte heile natta til torsdag. For å halde varmen blei løysinga å sove saman med sine fire born på stovegolvet framfor vedomnen.

– Vi samla oss ved omnen for å halde oss varme i natt. Vi hadde nok håpt at det ikkje skulle ta så lang tid å få straumen tilbake. Det er ikkje så kjekt at situasjonen er så uforutsigbar og vanskeleg, då vi heller ikkje får svar på når vi får att straumen, seier Sonja Merete.

Det er Tussa Kraft som står for straumforsyninga til Rovde, og konsernsjefen i selskapet meiner det er vanskeleg å vere heilt parat i møte med naturkreftene, men at dei har stort fokus på å vere så raske som mogleg for å sikre kundane straumforsyning igjen.

Elling Dybdal

Konsernsjef og administrerande direktør i Tussa, Elling Dybdal,

Foto: Tussa

– Det er sjølvsagt beklageleg at dei opplever dette. Men lynnedslag og uvêr er det ikkje enkelt å gardere seg mot, og vi prøvar så godt vi kan å vere førebudde på situasjonar som oppstår i samanheng med slike hendingar, seier Elling Dybdal i Tussa.

Konsernsjefen nemner mellom anna utviding av kraftlinjegatene, avstanden mellom skogen og linjene, som eit av tiltaka som i tilfelle storm eller orkan kan gjere at ein unngår uheldige straumbrot.

Primusen blei redninga

Etter fødselen for tre veker sidan blei Sonja Merete av ulike årsaker nøydd til å gi sonen morsmelkerstatning. Difor har ho vore avhengig av straum for å varme den viktige mjølka. Ein kveld og ei natt utan lys eller straum til å kunne koke seg mat var difor ekstra uheldig for familien.

– Vi har klart oss med det vi har hatt av kubbelys og ein liten primus for å koke vatn og varme mjølkeflaska til minstemann

– Hadde vi ikkje hatt primusen liggjande måtte vi reist andre stader for å få ordna med mat til han. Dersom ikkje straumen snart kjem tilbake, kan det bli vanskeleg. Eg og sonen min er åleine heime når systrene hans er på skule og mannen min er på jobb, så å dra andre stadar er eigentleg lite aktuelt, seier Sonja Merete.

– Kontinuerleg på vakt

Litt lenger nord på Sunnmøre er det Tafjord Kraft som står for straumforsyninga. Kommunane Ålesund, Sula, Giske og Norddal får alle straum gjennom selskapet.

Kommunikasjonssjef Kari Løken seier at sjansane kanskje er noko mindre for at hendingar slik som den på Rovde i Vanylven skal kunne skje på nordre Sunnmøre. 70 prosent av leidningsnettet til Tafjord Kraft går i kablar i jorda.

Kari Løken kommunikasjonssjef

– Vi har tett kontakt mellom beredskapsleiar og driftssentralen, fortel kommunikasjonssjef i Tafjord Kraft, Kari Løken.

Foto: Tafjord Kraft

– Vi overvakar nettet 24 timar i døgnet. Samstundes følgjer vi også godt med på alle vêrmeldingar framover i tid. Dersom vi ser det ligg an til dårleg vêr melder vi frå ut til alle i heile selskapet. om at folk må vere tilgjengelege.

– Vi har tett kontakt mellom beredskapsleiar og driftssentralen, som gjer at vi alltid veit kva sjansar det er for at straumen kan forsvinne, og korleis vi skal løyse problemet, seier kommunikasjonssjef Kari Løken.

Som mange andre straumleverandørar kring om i Noreg var hendingane under orkanen "Dagmar", vinteren for to år sidan, ei stor utfordring.

– Forferdeleg mange trestammar låg over kraftlinjene og braut forsyninga. Liv og helse er førsteprioritet for oss, og i alle situasjonar, anten dei er mindre eller like alvorlege som "Dagmar", skal vi ha beredskap til å takle ulike situasjonar, seier Kari Løken i Tafjord Kraft.

– Systemet er robust

Gerhard Eidså

Gerhard Eidså, dagleg leiar i Istad Kraft, meiner at straumsystemet skal vere robust.

Foto: Istad Kraft

Dagleg leiar i Istad Kraft, Gerhard Eidså, seier at systemet skal tole mykje før det vert mørkt.

– Det overliggande nettet som Statnett har ansvar for er bygd slik at det alltid skal tole utfall av ei linje og likevel skal kundane ha straum. Det same gjeld det overliggande nettet til selskapa i Møre og Romsdal, som er bygd på same måte med same filosofi, at vi toler eit utfall utan at det vert mørkt nokon stad, seier den daglege leiaren.

Men systemet er ikkje alltid godt nok ..

Eidså fortel at nettet i Istad Kraft sitt område, det såkalla distribusjonsnettet, er ikkje bygd på same måte. Det ville nemleg vore for dyrt.

– Eit enkelt utfall kan føre til at ei mindre gruppe kundar vert straumlause. Men det er bygd slik at eit utfall ikkje skal ramme store område på same tid, seier Eidså.

Når det blir varsla ekstremvêr, sånn som då «Hilde» vart varsla, gir Istad Kraft beskjed til alle sine tilsette om at det er varsla ekstremvêr og at dei må vere førebudd på utkalling.

– Samtidig er vi ekstra bemanna, og eg veit at Statnett hadde ekstra beredskap når «Hilde» herja som verst. Myndigheitene har hatt fokus på at bransjen gjer vurderingar rundt dette. Når vi bygg våre anlegg er vi pålagt å gjere ei vurdering på om anlegga våre kan bli ramma av ekstremvêr – om det så er springflo, store nedbørsmengder eller ras.


SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL