I juni feirar mange kjærleiken med å markere pride gjennom heile månaden.
Men feiringa møter også motstand. Mellom anna måtte Redd Barna avlyse sin pridefestival i Bergen etter trugslar, og i Bodø vart deira program for paraden møtt med hets og hat på sosiale media.
Også barneskular er utsette. I helga vart regnbogeflagget på Hatlane skule i Ålesund stole og brent opp.
Nett det same skjedde i fjor.
Men rektoren seier hendinga ikkje skal leggje nokon dempar på pridemarkeringa på barneskulen.
Flagglina var festa fire meter over bakken for å hindre folk frå å kødde med det. Det var ikkje til hjelp.
Foto: Eirik Haukenes / NRKEkstra godt sikra – til liten nytte
Måndag morgon var det ei jente i 6. klasse som fann flagget halvt oppbrent like utanfor ytterdøra til skulen.
Flagget var hengt opp like før helga for å markere pridemånaden juni.
– 6.-klassingen som fann dette er lei seg, og tykkjer dette er forferdeleg dumt, seier rektor Willy Tangen.
Også i fjor vart flagget til skulen brent opp etter å ha hengt éi helg. I år stripsa dei flagget fast og hang flagglina fire meter over bakken for å hindre at det same skjedde igjen.
– Det er trist. Veldig trist, seier Tangen.
Hindrar ikkje markeringa
– Trur du det er barn eller vaksne som står bak dette?
– Nei, vi prata om det i dag, men vi veit ikkje, seier Tangen.
– Dette er ein skule som er veldig oppteken av inkludering og mangfald, det er ein av grunnverdiane våre. Vi har også ei stor forsterka avdeling her som gjer at mangfald står sterkt i hjartet og hovudet vårt.
Rektoren seier dei vil ha opp eit nytt flagg so snart det er praktisk mogleg. Uansett er både gangar og biblioteket på skulen allereie i bruk til fleire utstillingar om mangfald og kjærleik.
– Vi let oss ikkje stoppe av dette her, det er heilt sikkert, seier Tangen.
Hatlane skule markerer pride-månaden på langt fleire måtar enn med flagget i flaggstanga.
Foto: Annabelle Kårvåg Sørensen / NRKPå biblioteket på barneskulen står mangfald på agendaen – bokstaveleg talt.
Foto: Annabelle Kårvåg Sørensen / NRKRektor Willy Tangen seier markeringar som dette er ekstra viktige for Hatlane skule sidan dei har ei forsterka avdeling.
Foto: Annabelle Kårvåg Sørensen / NRKSaka er meld til politiet, men ikkje politimeldt, opplyser rektoren.