Hopp til innhold

Prestisjetung Brunvoll-kontrakt

Molde-bedrifta Brunvoll skal levere framdrifts- og manøvreringssystem til verdas første sjølvkøyrande nullutsleppsskip, melder Romsdals Budstikke. Det er Yara og Kongsberggruppen som står bak skipet Yara Birkeland, som er det første i verda i sitt slag.

«Yara Birkeland»
Foto: Yara/Kongsberg-gruppen