Sofaen UGO er nok ein prisvinnar frå L.K. Hjelle i Sykkylven og designgruppa Norway Says. (Foto: L.K. Hjelle)
Sofaen UGO er kåra til årets beste møbel av det engelske bladet "Wallpaper" som er rekna for å vere eit leiande tidsskrift innan trend og design.
L.K Hjelle og Norway Says har tidlegare fått ei rekkje utmerkingar for andre møblar dei har designa og produsert.