Hopp til innhold

Presten velsigna Kvivsvegen

Kvivsvegen er eit av dei verkeleg store vegprosjekta på Vestlandet. Så viktig er vegen, at helga før opninga arrangerte dei gudsteneste inne i Kvivstunnelen.

Gudstenesta var ein del av den opne dagen på Kvivsvegen. Det var folkefest, og fleire tusen menneske kom.

– Saman med Gud og Jesus skal det bli lys i tunnelen, sa sokneprest Kjetil Netland under gudstenesta i tunnelen.

Kvivsvegen ligg på grensa mellom Møre og Romsdal og Sogn og Fjordane. Vegen kjem til å ta ein stor del av trafikken i nordleg og sørleg retning på den nordre delen av Vestlandet.

Ny kvardag

Men vegen kjem også til å bety svært mykje for trafikken mellom aust og vest. Store deler av Sunnmøre blir nærare knytt til vegen over Strynefjellet.

Judith og Henny Koppen er to av bilistane som kjem til å få ein ny kvardag frå og med neste laurdag.

– Eg bur i Stryn, men jobbar i Volda, og kjem til å køyre denne strekninga dagleg. Eg gler meg til å få kortare veg, seier Henny.

Ola Brendefur er på si side positiv til at næringslivet får eit lyft.

– Vi har mykje tungtransport som køyrer frå Nordfjord til Ålesund, og no slepp dei å ta vegen over Strandafjellet. Det er eit skritt i riktig retning, seier Brendefur.

Saken held fram under bildet.

Kvivsvegen åpen dag

Fleire tusen hadde teke turen til open dag ved Kvivsvegen.

Foto: Remi Sagen / NRK

– Vi bygde ein katedral

Oddbjørn Pladsen er prosjektleiar for det store veganlegget. Det var ein svært nøgd prosjektleiar som kunne ta imot folket søndag.

– Vi trudde vi bygde ein tunnel, men vi bygde ein katedral, sa prosjektleiar Pladsen på lydprøva, ifølgje smp.no.

Sjølv om folk koste seg på open dag, er det neste laurdag som vert den verkeleg store dagen.

Kvivsvegen Oddbjørn Pladsen

Prosjektleder Oddbjørn Pladsen i Statens vegvesen.

Foto: Remi Sagen / NRK

– Montering av scene er allereie i gang. Folk kan vente seg ein skikkeleg seremoni med talar, tre vers av "ja vi elskar" og Liv Signe Navarsete som klippar snora. Etterpå vil det verte ei høgtideleg bilkortesje gjennom tunnelen, før vi opnar den for vanleg trafikk cirka klokka 14.00, seier Pladsen.

Slik var programmet:

Kommunane i området hadde invitert til folkefest. Og slik vart det. Dette er programmet folk fekk vere med på:

  • Frå kl. 1100 Tunnelvandring i eige tempo frå Kalvatn og Lødemel (ca 3,3 km)
  • Kl. 1200 Gudsteneste ved sokneprest Kjetil Netland med fleire
  • Kl. 1245 Kaffi, kaker, pølser og brus til alle frammøtte
  • Kl. 1300 Orientering om Kvivsvegen og bruk av tryggleiksutstyret i tunnelane ved prosjektleiar Oddbjørn Pladsen frå Statens vegvesen
  • Kulturelle innslag frå Volda, Hornindal, Ørsta og Stryn kommunar
  • Utstilling ved blant andre entreprenørar og lokalt næringsliv (bilutstilling)