Hopp til innhold

Prestane vil be for dei terrorråka i kyrkjene søndag

Biskop Ingeborg Midttømme ber alle prestane i Møre om søndag å be spesielt for dei som fredag kveld blei råka av terroren i Paris.

Ber for terrorråka søndag

Søndag blir alle som går til gudsteneste bedne om å be for dei terrorråka i Paris.

Foto: Synnøve Hole

Biskopen sende laurdag ettermiddag ut tekstmelding til prostane, for å sikre seg at alle kyrkjegjengarar søndag ber for dei terrorråka i Paris, og alle som er redde etter det som har skjedd.

Ingeborg Midttømme

Biskop Ingeborg Midttømme vil at prestane i Møre skal be for dei terrorråka i Paris i alle kyrkjene i Møre søndag.

Foto: Gunnar Sandvik / NRK

– I det daglege klarer vi oss godt sjølve, men når verda blir usikker, og vi misser fotfestet litt, treng vi nokon eller noko som er større enn oss sjølve, seier Ingeborg Midttømme.

Tek imot mange sørgande no

Midttømme ser ikkje bort frå at det blir ekstra stor tilstrøyming til kyrkjene søndag, etter det som skjedde fredag kveld. I Paris har Sjømannskyrkja opne dører, her heime er også fleire av landets kyrkjer opne for lystenning og bøn.

I Kristiansund tende mange lys og la ned blomster laurdag ettermiddag.

I sosiale medium florerer det av bilde og tekstar med emneknaggar som "PrayforParis". Midttømme seier ho forstår at folk søkjer trøyst i kyrkjene og i bøn.

– Det er mange som ikkje i det daglege definerer seg som truande som likevel kjenner styrken i samhaldet, trøyst og ro i ei open kyrkje, for å tenne lys eller be ei bøn. Det ønskjer vi å leggje til rette for, seier ho.

– Men er svaret på terror bøn?

– Det er eitt av svara som gjer at vi bevarer hovudet klart og hjartet varmt og tek ansvar, seier ho.

Les også:

Ber oss vise nestekjærleik

Sms frå biskopen

Biskop Ingeborg Midttømme ber no Gud gje oss evne og vilje til å vise nestekjærleik.

Foto: Synnøve Hole

Biskopen har formulert ei lang tekstmelding med ei bøn, som ho vil skal takast med under forbøna i kyrkjene i Møre søndag. Her heiter det mellom anna:

« ... Må Gud gi oss alle mot og klokskap til å sjå den enkelte, evne og vilje til å vise nestekjærlighet.»

- Det skjer noko med oss når vi ber, vi får ei anna innstilling til dei vi ber for, og det er ei gåve eg ønskjer at vi alle skal få kjenne på i ei tid med uvisse, seier Midttømme.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL