NRK Meny

Prest vedgjekk straffskuld

Sunnmørspresten som er tiltalt for mishandling av barna sine vedgjekk straffskuld då saka mot han starta i Sunnmøre tingrett i dag. Ifølge tiltalen skal mannen ha opptredd valdeleg, truande og krenkande overfor barna. I rettssalen i dag blir det mellom anna spelt av videopptak av avhøyr av barna. Sju vitne skal snakke i retten. Aktor er Maria Vike Nørve, medan Torgeir H. Langva er forsvarar

Aktor Maria Vike Nørve og forsvarar Torgeir H. Langva
Foto: Tore Ellingseter / NRK