Hopp til innhold

Prest tiltalt for vald mot kona

Ein prest på Nordvestlandet er tiltalt for vald mot kona si medan eitt av barna såg på. Saka kjem opp i Sunnmøre tingrett 4. februar.

Gamle Ålesund tinghus, no politihuset
Foto: Inger Johanne Ruset / NRK

Det er Sunnmørsposten som fredag ettermiddag skriv at presten frå Nordvestlandet no er tiltalt for vald mot kona medan eit av barna såg på.

Pågripen i påska i fjor

Mannen blei pågripen i påska i fjor etter ei hending på nattestid. Mannen blei då sikta for vald i nære relasjonar, og varetektsfengsla i to veker, men nekta straffskuld. Advokaten hans sa den gongen at presten trudde nokon ønskte å skade han, og difor skulda han for vald.

John Hammervoll

Advokat John Hammervoll seier til Sunnmørsposten at presten nektar straffskuld.

Foto: Advokatfirmaet Hammervoll & Co DA

- Klienten min veit ikkje kva som gjer at politiet agerer slik dei har gjort, men han antek at årsaka er påstandar frå nokon som ønskjer å skade han, sa advokat John Hammervoll då mannen blei pågripen.

Advokat Inger-Marie Sperre, som representerer kona til presten, har tidlegare sagt til NRK at saka er ei stor påkjenning.

Inger-Marie Sperre

Advokat Inger-Marie Sperre er forsvarar for kona til presten, og har tidlegare uttalt at slike saker er ei stor påkjenning for dei involverte.

Foto: Terje Reite / NRK

- Det er sjølvsagt ei stor påkjenning for alle som blir involverte i saker som omhandlar vald og truslar i nære relasjonar, sa ho då mannen blei fengsla.

I april blei han lauslaten frå varetekt.

I retten 4. februar

No må mannen møte i Sunnmøre tingrett 4. februar, tiltalt etter straffelova 228 første ledd jf. paragraf 232, for under særlege skjerpande omstende å ha brukt vald mot kona.

Mannen sin forsvarar, John M. Hammervoll, seier til Sunnmørsposten at han er overraska over at politiet har tatt ut tiltale. Mannen vedgår ikkje straffskuld.

- Kyrkja har rutinar

Biskop Ingeborg Midttømme

Biskop Ingeborg Midttømme seier kyrkja har rutinar for å ta vare på dei som treng det i ein vanskeleg situasjon.

Foto: Gunnar Sandvik/NRK

Biskop Ingeborg Midttømme har tidlegare uttalt til NRK Møre og Romsdal at ho er kjent med saka, men ikkje vil kommentere henne.

- I kyrkja har vi rutinar for å handtere slike ting og ta vare på dei som treng det i ein vanskeleg situasjon, sa biskopen då presten blei pågripen i påska i fjor.