NRK Meny
Normal

Prest tiltalt for mishandling av borna sine i fleire år

Ein prest i Møre og Romsdal er tiltalt for å ha mishandla dei to borna sine i fleire år. Biskopen seier det er ei svært vanskeleg sak for dei involverte.

Norges lover tingrett

Presten er førebels ikkje suspendert frå stillinga si, men får ikkje arbeide åleine med barn og unge, opplyser kyrkjeverjen.

Foto: Philip Hofgaard / NRK

Ifølgje tiltalen skal presten ha vore valdeleg, truande og på andre måtar krenka dei to borna sine over fleire år.

Verst skal det ha gått utover det eldste barnet, men også yngstemann er han tiltalt for å ha slått minst ein gong. Begge skal ha vore til stades medan faren var valdeleg og/eller truande mot den andre.

Biskop Ingeborg Midttømme seier til NRK Møre og Romsdal at ho har kjent til saka ei tid, og ser fram til at ho endeleg kjem opp til behandling for domstolen.

– Det er ei sak som som er veldig vanskeleg for dei involerte, seier Midttømme.

Avgrensa arbeidsoppgåver

Biskop Ingeborg Midttømme

Biskop Ingeborg Midttømme vil førebels ikkje kommentere om presten kan halde fram i arbeidet, dersom han blir dømd for mishandling av borna sine.

Foto: Gunnar Sandvik/NRK

Biskopen seier presten har hatt sterke avgrensingar i arbeidet sitt sidan etterforskinga starta, men ikkje har vore suspendert.

– Det er viktig at domstolen får komme med sin konklusjon før det blir tatt ei endeleg avgjerd, seier ho og legg til at det også er viktig at alle som er i kontakt med kyrkjelydane kan ha tillit til at det er trygt.

– Men kan presten halde fram i arbeidet sitt dersom han blir dømd for mishandling?

– Det må eg få kome tilbake til. Eg kjenner ikkje tiltalegrunnlaget, seier Midttømme.

Torgeir Langva

Forsvarar Torgeir Langva vil ikkje svare på om presten vedgår straffskuld.

Foto: Birthe Bringsvor / NRK

Torgeir Langva er forsvarar for presten, han vil ikkje svare på om mannen vedgår straffskuld, og heller ikkje kommentere saka ytterlegare.

Presten er ikkje suspendert

Kyrkjeverjen i det aktuelle soknet stadfestar at mannen førebels ikkje er suspendert.

– Mannen er framleis i teneste, men har ikkje vore åleine i arbeidsoppgåvene sine sidan det blei kjent at dette kunne bli ei sak, seier kyrkjeverjen.

Han strekar også under at presten ikkje har jobba åleine mot barn eller unge i denne perioden. Kyrkjeverjen seier dei no er i kommunikasjon med arbeidsgjevarorganisasjonen KA for å vurdere arbeidsforholdet til presten.

Skal ha slått fleire gongar

Det er statsadvokaten som har tatt ut tiltalen, og her går det fram at presten skal ha slått borna sine på fleire stader på kroppen. Dette skal ha starta i januar 2013 og pågått i nesten fire år.

Saka startar i Sunnmøre tingrett 24. august.

NRK Møre og Romsdal oppdaterer saka.