Prest tilbake i arbeid etter dom

 

Biskopen i Møre har avslutta saka mot ein prest på Sunnmøre som blei dømd for mishandling av borna sine, og presten er no tilbake i vanleg arbeid igjen. Presten fekk avgrensa arbeidsoppgåver under politietterforskinga og gjennomføringa av samfunnsstraffa har blei dømd til. Biskop Ingeborg Midttømme seier ho no har oppheva alle pålegg og at barnevernet også har avslutta saka. Retten konkluderte med at dei to barna hans blei utsette for vald og alvorlege krenkingar, men presten har i ettertid fått hjelp til sinnemeistring og barna er tett knytte til faren i dag.

Ingeborg Midttømme
Foto: Gunnar Sandvik / NRK