Prest fekk servert porno på Facebook

Fleire har tysdag opplevd at pornografisk innhald har blitt lagt ut på Facebook-sidene deira. Sjømannspresten Øystein Braaten blei mildt sagt overraska.

Sjømannsprest Øystein Braaten fekk servert porno på Facebook

Sjømannspresten Øystein Braaten fekk litt av ei overrasking då han såg porno på Facebook-profilen sin.

Foto: Skjermdump/NRK

Først var det stortingsrepresentant Lise Christoffersen som fekk seg litt av ei overrasking då ho gjekk inn på Facebook-sida si i går kveld. I dag var det Øystein Braaten, tidlegare prest på Sunnmøre, som fekk pornoen rett i fleisen.

– Ein venn av meg gjorde meg oppmerksam på at det såg ut som om eg delte pornografisk innhald på Facebook-sida mi, seier Braaten, som for tida er sjømannsprest på Gran Canaria.

– Forferdeleg

Han syns det er ille viss folk har trudd at han har spreidd pornoen på nett.

– Det er forferdeleg. Eg har ingen sans for pornoindustrien, seier presten.

Etter at han fekk beskjeden har han prøvd å fjerna innhaldet, og også lagt ut ein ny status til Facebook-venene sine om at han ikkje står bak spreiinga av pornoen.

Han syns det er skummelt å sjå at han ikkje har kontroll over sin eigen Facebook-profil. Fleire innlegg har hittil dukka opp på veggen hans.

– Vi får vente og sjå om det blir eit problem eller ikkje. Det er tydelegvis noko som spreier seg, seier presten, som etter kvart fekk fjerna innhaldet frå sida si.

Braaten fekk innhaldet spreidd til sida si av ein annan Facebook-venn.

Per Thorsheim, rådgjevar innan tryggleik på sosiale medium fortalde tidlegare tysdag til NRK at det er sannsynleg at nokon har fått eit virus inn på PC-en sin, og det har tatt kontroll over blant anna Facebook.

Han seier at det treng ikkje å bety at personen har vore inne på pornosider.

Siste video/lyd

Avisene bur seg på nok ei helg der folk ikkje får avisa si.
Tidens Krav i Kristiansund set inn ekstratiltak for å kunne å nå ut til alle med laurdagsavisa.
Arbeidsledigheten blant ingeniørene mer en doblet i Møre og Romsdal på ett år.
Skoleelever slår til med annerledes julekalender. Det handler ikke om å få, men å gi til de som trenger det.