Hopp til innhold

Prest fekk hatmelding etter NRK-intervju: – Du driv valdtekt av Bibelen

Berre få minutt etter at sokneprest Sindre Stabell Kulø gjekk ut og sa at han var skuffa over at homofile ikkje får gifte seg i kyrkja, tikka meldinga inn på mobilen.

Sokneprest Sindre Stabell Kulø i Sandøy er svært skuffa over at homofile ikkje får gifte seg i kyrkja.

Sindre Stabell Kulø var gjest i tv-sendinga til NRK Møre og Romsdal. Han fekk ei sjikanerande melding på mobilen etter at han støtta dei homofile sin kamp for å gifte seg i kyrkja, tidlegare på dag.

Sindre Stabell Kulø

Sindre Stabell Kulø er sokneprest i Sandøy i Romsdal.

Foto: Privat

Sjikanerande sms
– Først vart eg litt sjokkert og deretter vart eg bittelitt sint, seier sokneprest i Sandøy, Sindre Stabell Kulø.

Han har i dag gått ut i NRK og sagt at det var oppsiktsvekkande og trist at kyrkja sa nei til likekjønna ekteskap. Det var det ikkje alle som likte, skriv Tidens Krav. Like etter intervjuet med NRK fekk presten denne smsen frå ein anonym avsendar:

Voldtekt av Bibelen

«Din uttalelse i media vitner om at du driver voldtekt av Bibelen. Slike som deg som forvrenger skriftene har absolutt ingen nøyaktig kunnskap eller forståelse. Guds Ord er ikke gitt slike som deg til å forstå, og du er av de som bare skal ha det som klør deg i øret. Det at Kristus forkynte til syndere betyr ikke at han oppfordret dem til å leve med synden, men dog å vende seg bort i fra synden. Du er vel homo selv. Ditt utseende viser også at du ikke er skikket.»

Stabell Kulø meiner at meldinga var så usakleg at han ikkje har tenkt å gå vidare med den til politiet.

– Eg har ingen meining om kven som kan sende slike meldingar og det er eg heller ikkje så oppteken av å finne ut, seier soknepresten.

Skuffa og sliten

Han har bestemt seg for å ikkje bruke meir energi på smsen. I heile dag har han fått mange positive reaksjonar frå folk som støttar han i synet om at kyrkja bør kunne vie par av same kjønn og gi dei forbøn.

– Vi er mange prestar og andre kyrkjetilsette som er skuffa og slitne, og som har brukt dagen på å summe oss etter at Kyrkjemøtet sa nei, fortel Stabell Kulø.