NRK Meny
Normal

Prest dømt til samfunnsstraff for vald mot barna sine

Ein prest frå Sunnmøre vedgjekk i retten at han brukte vald mot dei to barna sine. Han har i ettertid fått hjelp til sinnemeistring og retten dømde han til 90 timars samfunnsstraff

Sunnmøre tingrett

Mannen erkjente at han hadde problem med sinnemeistring og at dette gjekk utover barna.

Foto: Harry Heggdal / NRK

Dei to barna til presten skal ha blitt utsett for både fysisk vald og krenkingar frå hausten 2015 til desember 2016. I retten forklarte presten at han kan bli hissig og har problem med å styre temperamentet sitt. Det skal ha ført til at han særleg utover hausten 2015 ikkje klarte å beherske seg dersom barna var vanskelege eller krangla, ifylgje dommen.

Slo med flat hand

Retten finn det bevist, utover ein kvar rimeleg tvil, at presten bruke fysisk vald mot sonen minst seks gongar frå 2015 til 2016. I dei fleste tilfelle vart guten slått med flat hand mot ansiktet, men også mot baken. Retten finn det bevist at det same skjedde med den yngre dottera. Begge vart også utsett for skremmande og aggressiv åtferd frå faren, med slag mot gjenstandar og høg stemme opp mot ansiktet til borna. Mannen erkjente straffskuld for vald mot begge barna, men var ikkje samd i tiltalen om kor lenge det pågjekk og intensiteten.

Fekk ikkje fysiske skader

Ifylgje dommen er det ikkje haldepunkt for at barna har fått fysiske skader av det som skjedde. Barnevernet, kognitiv terapeut og ein familieterapeut frå kommunen har gjort undersøkingar. Alle fagpersonane har forklart at tobarnsfaren har søkt råd og fått hjelp til sinnemeistring.

Vanlegvis blir familievald straffa med fengsel, men det er opna for at det unntaksvis kan bli brukt samfunnsstraff. Retten konkluderte med at sidan presten har fått hjelp til sinnemeistring og at begge barna har ei god og tett tilknyting til faren, vil det vere uheldig å døme han til fengselsstraff.

Mannen vart dømt til samfunnsstraff i 90 timar, som skal gjennomførast på 120 dagar.

LES OGSÅ:

Framleis i arbeid

Presten er framleis i teneste, og er ikkje suspendert, men har ifølgje biskop Ingeborg Midttømme sterkt avgrensa arbeidsoppgåver.

Midttømme ville heller ikkje kommentere saka etter at dommen var klar. Ho seier bispedømmet vil vente til dommen er rettskraftig.