Hopp til innhold

Evaluering av «Viking Sky»: – Burde ha oppretta pressesenter

Møre og Romsdal politidistrikt og Fræna kommune har evaluert redningsaksjonen på Hustadvika i mars. Eit pressesenter ville ha avlasta innsatsleiaren, meiner visepolitimeister Ingmar Farstad.

Møre og Romsdal politidistrikt i samarbeid med Fræna kommune inviterer til pressekonferanse i forbindelse med evaluering av innsatsen til involverte instanser under hendelsen med Viking Sky og Hagland Captain på Hustadvika 23. og 24. mars 2019.

Møre og Romsdal politidistrikt inviterte i samarbeid med Fræna kommune til pressekonferanse i samband med evalueringa av Viking Sky og Hagland Captain på Hustadvika i mars.

Heile Fræna blei sett i sving då meldinga om eit cruiseskip i trøbbel blei sendt ut laurdag 23. mars.

Evakuerte passasjerer fra Viking Sky

I Brynhallen i Fræna blei det oppretta eit evakueringssenter for passasjerane frå «Viking Sky».

Foto: Odd Roar Lange / NTB scanpix

Eit enormt hjelpeapparat med naudetatar og frivillige, stod etter kvart klart til å ta imot skadde, traumatiserte, kalde og våte turistar.

I Brynhallen i Fræna blei det oppretta eit evakueringssenter. Her blei dei fleste av dei 479 evakuerte passasjerane tatt hand om før dei blei frakta vidare til hotell i Molde og Kristiansund.

– Samvirket i Møre og Romsdal fungerte særs godt desse to dagane. Dette har blitt understreka av alle etatar, profesjonelle som frivillige, seier visepolitimeister Ingmar Farstad.

Dagens pressekonferanse er ei evaluering av all beredskapen på landsida som var leia av politiet. I ettertid blir ein evalueringsrapport med alle detaljane offentleggjort.

Politimeisteren peiker på at dei også har funne fleire forbetringspunkt, men meiner dei ikkje ville ha endra utfallet nemneverdig.

Pressekonferanse om evaluering av Viking Sky-arbeidet

På pressekonferansen var fylkesmann Rigmor Brøste, beredskapsleiar Jan Morten Dale, Ordførar i Fræna Tove Hennøen, visepolitimeister Ingmar Farstad og stabssjef Kenneth Sætre.

Foto: Ann Eli Nøsen / NRK

Burde ha oppretta pressesenter

Tre punkt ville ha gjort redningsoperasjonen betre, fortel ordførar i Fræna, Tove Hennøen.

  • Det burde ha blitt laga eit meir eigna beredskapsrom for kriseleiinga.
  • Dei burde ha hatt ein betre skiftplan for avløysing for personell ved langvarig oppdrag.
  • Det skulle ha blitt oppretta eit pressesenter knytt til Brynhallen, for å betre kommunikasjonen med pressa.

– Vi oppretta ikkje eit pressesenter. Vi kunne tenkt oss å ha dette i rutinane tidlegare, det ville ha avlasta innsatsleiar, seier Farstad.

Ordførar i Fræna er også svært nøgd med innsatsen etter evalueringsmøtet.

– Vi har gjennomført ein god og positiv evaluering. Vi løyste eit vanskeleg oppdrag på ein svært god måte. Heldigvis, seier Hennøen.

Vil arrangere beredskapskonferanse

Fylkesmannen tek initiativ til ein nasjonal konferanse i starten av november, for å dele lærdomen frå «Viking Sky»-hendinga. Dei peiker på at veldig mange som var med på redningsaksjon har blitt spurt om å kome og fortelje.

– Det er mange cruiseskip som går langs kysten. Det er stor etterspørsel etter å få vite meir om den erfaring og hendinga, seier konstituert fylkesmann i Møre og Romsdal, Rigmor Brøste.

Fungerende fylkesmann Rigmor Brøste

Fylkesmannen i Møre og Romsdal vil arrangere ein beredskapskonferanse.

Foto: Roar Halten / NRK

Det var også to representantar frå DSB med på evalueringa. Dei har fått i oppdrag frå justisdepartementet i å lage ein rapport frå «Viking Sky». Den skal vere ferdig til første november, og kan då bli presentert på konferansen.

Stor redningsaksjon

Det var på ettermiddagen laurdag 23. mars at cruiseskipet «Viking Sky» fekk problem då det skulle gå over Hustadvika utanfor Fræna i Romsdal. Dette er eit ope havstykke i skipsleia mellom Molde og Kristiansund. Området er kjent for krevjande vêrforhold. Skipet var på veg frå Tromsø til Stavanger då det fekk motorhavari i uvêret.

Viking Sky

Cruiseskipet «Viking Sky» fekk motorproblem då det skulle gå over Hustadvika i mars i år.

Foto: Åse Grete Farstad

Ekspertar trur at «Viking Sky» var berre hundre meter unna ei grunnstøyting. Det blei raskt sett i gong evakuering av dei 1373 passasjerane som var om bord i skipet og totalt 479 blei henta ut med helikopter.

Samtidig som evakueringa av skipet gjekk føre seg kom det inn meldingar om at også eit frakteskip hadde fått problem i Hustadvika. Mannskapet på ni måtte til slutt hoppe i havet for å bli berga.

Søndag 24. mars kunne skipet segle for eiga maskin inn til kai i Molde. Med seg hadde skipet dei resterande passasjerane. Totalt 27 personar blei sendt til sjukehus for behandling.

Havarikommisjonen undersøker

Havarikommisjonen er no godt i gang med å undersøke ulykka. Dei har tolv månader på seg på å levere rapporten. Rett etter havariet konkluderte Sjøfartsdirektoratet med at lågt oljetrykk truleg var årsaka til at dei mista all motorkraft.

Men alle sider av ulykka skal granskast. Også den engelske og den amerikanske havarikommisjonen og United States Coast Guard er med på granskinga. Politiet har også oppretta undersøkingssak, men ikkje funne grunn til å opne straffesak.

Les alt om cruiseskipet «Viking Sky» her:

Les alt om frakteskipet Hagland Captain her: