NRK Meny
Normal

– Kan ikkje hugse sist Kripos sende så mange – så tidleg

Leiar for NRKs krimredaksjon, Olav Rønneberg, seier drapet i Hareid er ei svært spesiell sak.

Kripos og politi på åstaden i Hareid

Ni spesialistar frå Kripos hjelper Sunnmøre politidistrikt med etterforskinga av drapet på Bigset i Hareid.

Foto: Ivar Lid Riise / NRK

Politiet heldt pressekonferanse på Ulstein hotell klokka 11.30 i samband med det mistenkelege dødsfallet i Hareid fredag.

Samla etterforskingsteamet i Hareid

Klokka 09 laurdag morgon, samla lokale lensmannsressursar frå Ulstein og Hareid lensmannskontor, folk frå Sunnmøre politidistrikt og Kripos seg til eit orienteringsmøte i Ulstein.

Møtet hadde som føremål å leggje ein plan for dagen i samband med det mistenkelege dødsfallet på Bigset i Hareid fredag. Det opplyser Sunnmøre politidistrikt.

Stor etterforsking

Olav Rønneberg

NRKs krimekspert Olav Rønneberg seier det er spesielt at Kripos sender heile ni spesialistar til ei etterforsking.

Foto: NRK

27 personar frå politidistriktet, samt ni spesialistar frå Kripos er med i etterforskinga. Leiar for NRKs krimredaksjon, Olav Rønneberg, seier det er veldig spesielt at såpass mange medarbeidarar frå Kripos har blitt trekt inn i saka så tidleg.

– Eg kan ikkje hugse sist dei sende så mange, så tidleg, i samband med eit mistenkeleg dødsfall, seier han.

– Ei stor utfordring

Rønneberg trur politiet står overfor ei stor utfordring i etterforskinga av det han meiner er ei svært spesiell sak.

– Då er det viktig å kome kjapt i gang med etterforskinga. Det er viktig for dei å kartleggje kven den døde er og miljøet rundt. Her kan ein få avgjerande svar, seier Rønneberg.

Vitne utanfor Ulstein og Hareid lensmannskotnor

Fleire personar har vore til avhøyr hjå politiet i morgontimane.

Foto: Trond Vestre / NRK

– Vi er enda i oppstarten av etterforskinga og ingen er verken pågripen eller sikt så langt, sa fungerande politimeister Ingar Bøen under ein pressekonferanse fredag kveld.

Mistenkeleg dødsfall

Det var fredag klokka 13.30 at politiet fekk melding om at det hadde blitt funnen ein død person i ein bustad på Bigset i Hareid kommune.

– Dei første undersøkingane på staden, og skadar på personen, gjer at vi ser på dette som eit mistenkeleg dødsfall, opplyste fungerande politimeister Ingar Bøen under ein pressekonferanse fredag kveld.

Politiet har førebels ingen sikta i saka.

Drap Hareid bigset

Politiet vakta åstaden på Bigset i Hareid laurdag morgon.

Foto: Ivar Lid Riise / NRK