Hopp til innhold

Kl. 10.30: Pressekonferanse om den fastlåste situasjonen i Murmansk

Reiarlaget orienterer onsdag formiddag om den fastlåste situasjonen i Murmansk. I 14 dagar har reketrålaren «Remøy» og mannskapet blitt haldne tilbake.

Reiarlaget til reketrålaren "Remøy" som ligg i arrest i Murmansk orienterer om arbeidet med saka.

Reketråleren Remøy

Mannskapet på reketrålaren «Remøy» frå Herøy håper dei snart får reise heim. Dei skulle vore tilbake for to veker sidan.

Foto: Bård Wormdal / NRK

Onsdag formiddag er det nøyaktig 14 dagar sidan reketrålaren «Remøy» og mannskapet på 17 blei haldne tilbake i Murmansk etter å ha deltatt på ulovleg reketråling i russisk sektor.

Fiskeridirektoratet har vedgått at dei kryssa feil på eit skjema, og sist veke blei det kjent at russiske styresmakter krev 90 millionar i kausjon for å sleppe fri trålaren.

Les også:

Leiinga i Remøy Havfiske stiller

Olav Remøy, Remøy Havfiske

Styreleiar Olav Remøy i Remøy Havfiske deltek på pressekonferansen i Fosnavåg i Herøy onsdag formiddag.

Foto: Privat

Onsdag føremiddag er det kalla inn til pressekonferanse med mellom andre styreleiar Olav Remøy og dagleg leiar Kristin Remøy i Remøy Havfiske, som eig båten.

Ifølgje ei pressemelding frå Fiskebåt vil leiinga gje ei orientering om det arbeidet som blir gjort frå reiarlaget.

Mannskapet har tidlegare sagt til NRK Møre og Romsdal at dei er ved godt mot, men leie av situasjonen, og ønskjer ei snarleg løysing.

Les også:

Krev at styresmaktene stiller garanti

Tysdag kravde stortingsrepresentant Oskar Grimstad (Frp) at norske styresmakter stiller garanti for kausjonskravet, slik at reketrålaren og mannskapet får reise heim.

Også administrerande direktør Audun Maråk i Fiskebåt støttar eit slikt krav, dersom ikkje alternative løysingar fører fram i løpet av kort tid.