NRK Meny
Normal

Sjå smakebit frå robotgrøssar frå Norddal

Forfilmen til den britiske produksjonen Ex-Machina blei presentert i dag. Filmen blei spelt inn i Norddal over seks veker i fjor haust og har premiere neste år.

Ex-machina

Bilete frå filmen

Foto: Frå filmen

Når filmen får premiere kan kinopublikummet gle seg over storslagen vestlandsnatur. For det var nettopp naturen i bygda Valldal som lokka filmteamet til Sunnmøre i fjor. I tillegg var arkitekturen ved fleire bygg i området viktige for at innspelinga blei lagt nettopp hit.

Regissert av kultforfattar

Filmen er regissert av Alex Garland, som kanskje er mest kjent for å skrive kultklassikaren The Beach. På rollelista finn vi Alicia Vikander, Osvar Isaav og Domhnall Gleeson.

Filmfeber Valldal

Frå filminnspelinga i Valldal i fjor.

Foto: Bernt Baltzersen

Det var Vestnorsk filmkommisjon som tok initiativet til å få filminnspelinga til Norge. Selskapet er støtta av Møre og Romsdal fylkeskommune og arbeider med å hente internasjonale filminnspelingar til regionen. Innspelinga blei gjort i samarbeid med det norske selskapet Loppfilm.

Vestnorsk filmkommisjon skriv i ei pressemelding at dei gler seg til å la heile verda oppleve sunnmørsnatur på nest beste vis, altså på kinolerretet.

  • Sjå forfilmen her (ekstern lenke):