30. juni 2011 blei sendaren på Vigra slått av for godt. Bardunane som heldt oppe masta, blei bygd i 1952, blei sprengt vekk 8. september same å.
Og då den 227 meter høge konstruksjonen rasa saman var nærmare 60 års kringkastingshistorie slutt.
– Eg veit det framleis er mange som saknar masta. Det var sjølvsagt vemodig då ho gjekk i bakken, men eg er glad for at det no har blitt laga ein film som i tillegg til å vise sjølve rivinga, også får fram den rike historia til kringkastinga i Ålesund, seier mastentusiast og historieformidlar Turid Røsvik, som i si tid var tilsett ved Vigra Kringkaster.
Røsvik er ei av dei som er intervjua i dokumentaren, og ho trur det blir rart å sjå seg sjølv snakke på skjermen.
– Eg byrjar å bli gammal, og trur ikkje eg vil ta meg så godt ut på TV, seier Røsvik og humrar.
- Les også: Vigramasta er historie
Premiereklare
Dokumentaren om Vigrasendaren er produsert av Aalesund Smalfilmklubb, og kommentaren er lest inn av Harald Grytten. Prosjektansvarleg for dokumentaren, John H. Fylling, ser fram til ei fin premiere på Solbakken skule på Vigra.
– Det å lage dokumentaren var ein nyttig og lærerik prosess. Vi håpar sjølvsagt at mange ynskjer å sjå det ferdige produktet. Det har vore eit spanande prosjekt, som vi meiner har resultert i ein film som kan skape betre forståing for kor mykje kringkastinga i Ålesund har utvikla seg og betydd, seier Fylling.
Han trur filmen vil føre til fleire positive ringverknader.
– Eg veit at venneforeininga for Vigra Kringkaster ynskjer eit museum for restane av området der masta stod, og eg håpar difor at denne filmen kan skape litt ekstra blest, seier John H. Fylling.
- Les også:
Utgangspunktet til prosjektet, som enda opp i ein halvtimes dokumentar om Vigramasta, var at Aalesund Smalfilmklubb ville vere med i noregsmeisterskapen for beste klubbfilm, arrangert av Norges Amatørfilmforbund.
Aalesund Smalfilmklubb har fått ein visningsavtale med NRK, noko som betyr at dokumentaren kan bli vist på kanalen ein gong i framtida.