Hopp til innhold

For tidleg fødte kan måtte dra til Trondheim

Igjen er det aktuelt å legge behandling av for tidleg fødde barn til sjukehuset i Trondheim. Dette skaper uro blant tilsette og familiane til dei aller minste barna.

Igjen er det aktuelt å legge behandling av for tidleg fødde barn til sjukehuset i Trondheim

Eiril var berre 550 gram då ho vart fødd ved sjukehuset i Ålesund. No fryktar personalet at premature born skal behandlast i Trondheim.

Trillingar

Dei tre gutane til Tor Anders Ringsby var på besøk ved barneavdelinga i Ålesund.

Foto: Øyvind Sandnes / NRK

Neoantalavdelinga i Ålesund har stor kompetanse i behandling av for tidleg fødde, men kan likevel bli redusert.

I dag feira foreldre, barn og tilsette den verdsomspennande prematurdagen ved sjukehuset. Tor Anders Ringsby viser stolt fram trillingane sine som har fått god hjelp på avdelinga då dei kom til verda altfor tidleg. Og sjølv om dei ser prikk like ut, ser mor og far forskjell.

– Ser du ikkje at han er rundare i ansiktet, han har eit hakk i nasen og han er litt lang i ansiktet, seier Ringby og peikar på dei tre gutane som sit i kvar sin bilstol med like strikkegenserar og sokkar.

Personalet er uroa

Elisabeth Siebke

Elisabeth Siebke har tru på at dei vil klare å slåst for å behalde neonatalavdelinga.

Foto: Øyvind Sandnes / NRK

Men eit skår i gleda er det. Personalet ber på ei uro for at det store sjukehuset i Trondheim skal ta over behandlinga av barn som er mindre enn 26 veker når dei kjem til verda. Diskusjonen har pågått lenge.

– Det har vel aldri vore så nær inn på oss som no. Men vi har stor tru på at vi skal klare å slåst for tilbodet, seier Elisabeth Siebke.

Ho er avdelingssjef ved barneavdelinga og meiner at kvalitet i Ålesund ligg godt på landsnivå.

550 gram

Prematur baby

Premature vert skåna for lyd, lys og alle former for stress.

Foto: Øyvind Sandnes

Vesle Eiril er den aller minste som får nenonatalomsorg i Ålesund akkurat no.
Bollekinna vitnar lite om at ho vog berre 550 gram då vart fødd, fleire månader for tidleg. Foreldra tar til motmæle når dei høyrer det personalet pratar om og fryktar for.

– Det er tragisk for desse så tidleg fødde, som får ein så hard start på livet, at dei skal fraktast opp til Trondheim, seier Fredrik Giil. Han skryt av tilbodet i Ålesund.

Skåna for lyd og lys

Premature blir skåna for lyd, lys og alle former for stress. Metoden dei har spesialkompetanse på kallast nidcap.
Dei er trygge her og foreldra er forundra over dei som vil sentralisere behandlinga.

– Vi er forundra. Det kan ikkje vere med tanke på barnets beste, seier Giil.