– Svære massar
Gjennom fleire tiår har kjentfolk sett at Åkernesremna veks og gir stadig større risiko for eit katastrofeskred. I dag fekk lokalpolitikarar og fylkesmannen i Møre og Romsdal sjå risikoområdet på nært hald i nesten 1000 meters høgde.
Fylkesmann Ottar Befring var overraska over kor bratt det er på staden. Å få sjå Åkernesremna på nært hald gjorde sterkt inntrykk.
– Det er ikkje mykje som skal til for å løyse ut noko her oppe. Det er svære masser det er snakk om, sa Befring.
Overhengande risiko
Undersøkingar som er gjort i løpet av sommaren, viser at risikoområdet strekkjer seg lenger og djupare ned i fjellet enn ein først har trudd. Området er ein kilometer langt og går frå sjøen opp til 900 meters høgde. Risikoen er overhengande både for fastbuende og for dei tusenvis av turistene som ferdast i området kvart år.
Fylkesgeolog Einar Anda seier at dersom alt dette går ut i eitt skred med eit volum på 30 millionar kubikkmeter, så vil det skape ei stor flodbølgje i begge retningar i fjorden. Han nemner Tafjord-ulukka, der den maksimale bølgjehøgda var over 60 meter og Loen i 1936 der det var over 70 meter høge bølgjer.
Utolmodig
Etter orienteringa i fjellet i dag er lokalpolitikarane endå sikrare på at Staten må inn med pengar til å betale dei undersøkingane og overvakingssystema som trengs. Slik er det i andre land som er truga av store skred.
Ordførar i Stranda, Frank Sve, er utålmodig og har bede om eit møte med statsministeren.
– Det har gått veldig seint. Fylkesmannen har vore veldig dyktig, men det er for dårleg frå Regjeringa. Regjeringa burde vise eit langt større engasjement, seier Sve.