Hopp til innhold

Praten og pinnane går like fort

Når strikkeklubben frå Jessheim-området er på tur i Rauma, går praten like fort som pinnane. Og latteren sit lausare enn ei middels strikkemaske.

Strikkeklubben frå Jessheim på Rauma-besøk

Dei 12 damene strikkar overalt, like gjerne ute som inne.

Foto: Sara Lovise Roaldseth / NRK

I helga tok 12 damer turen til Åndalsnes. Hovudmålet var omvising på Rauma Ullvarefabrikk fredag. Resten av tida blei det strikka, prata og ledd, før dei toga heim igjen i dag.

– Vi ville sjå korleis garnet blir framstilt nesten frå grunnen av. Frå toving, reinsing, veving og farging. Og fabrikken var mykje større enn vi trudde. Vi fekk full omvising og kjøpte litt garn ... eller eigentleg ganske mykje, fortel Astrid Lindberg.

Strikkeprosjekt på gang

Strikkeprosjekt

Kvar dame har sitt strikkeprosjekt på gang.

Foto: Sara Lovise Roaldseth / NRK

Anne Karin Herseth fortel at dei kan vere over 20 damer som er samla tysdagskveldane. Strikking er fellesnemnaren, og alder, bakgrunn og interesse elles kjem i bakgrunnen. Den yngste er i midten av 20-åra, den eldste rundt 60.

Alle har sine prosjekt på gang medan dei er i Rauma. Ei strikkar eit hentesett til ein baby som kjem i juni, ei strikkar kofte og ei strikkar siksak-skjørt.

– Det er til meg, sjølv om det ikkje ser slik ut. Det er veldig tøyeleg, fortel ei av dei til full latter frå dei andre.

Terroristar strikkar ikkje

Tidlegare har tre av dei vore på strikketur til Lillehammer og neste år står Sandnes på reiseprogrammet. Med andre ord nok ein stad som er kjent for garnproduksjonen sin.

Denne turen er planlagt sidan i fjor haust og no passa det å reise. Dei respektive får dermed full råderett over fjernkontrollane i heimane sine. Eller full fridom til å bruke trommestikkene, som ein av ektemennene hadde planar om.

Strikkarar frå Jessheim

– Det er berre snille folk som strikkar.

Foto: Sara Lovise Roaldseth / NRK

Turen til Lillehammer gjekk med tog, turen til Åndalsnes det same og truleg blir det tog også til Rogaland.

– Då kan vi strikke samtidig. Vi køyrer i alle fall ikkje bil, for vi har fått med oss at bilkøyring og strikking er ein uheldig kombinasjon, seier Therese Wilhelmsen.

No kan det vere at det blir fly til Sandnes, for etter ein periode med forbod, er det no lov å ta med seg pinnar inn i flyet igjen.

– Dei skjønte nok at det er berre snille folk som strikkar. Terroristar strikkar ikkje, slår Hennie Grunn Reis fast.

Igjen avløyst av ei latterkule frå dei andre 11 strikkegale frå Jessheim.