NRK har tidlegare i dag meldt at posten legg ned terminalen på Digernes frå nyttår. Dette stemmer ikkje.
Pressesjef John Eckhoff i Posten Norge opplyser til NRK at det er ruteklargjeringa som blir flytta frå Digernes til Molde. Terminalen på Digernes vil også i framtida vere sentral i distrubisjonen av posten.
Eckhoff seier det er uvisst kor mange som eventuelt mistar jobben på Digernes som følgje av denne omlegginga.