Hopp til innhold

Rockekonsert på toppen av ein "rock"

Postgirobygget opna RaumaRock på spektakulært vis, med rockekonsert på toppen av Nesaksla til glede for mange hundre fjellgåarar.

Postgirobygget

700 METER OVER HAVET: Postgirobygget held konsert for fleire hundre mennesker på Nesaksla i Romsdalen i dag.

Foto: Wilhelm Støylen / NRK

Kva er vel betre enn ein live-konsert kombinert med solskin, frisk luft og flott utsikt? Fleire hundre folk kombinerte topptur med Postgirobygget-konsert på Nesaksla i Rauma i høve opninga av rockefestivalen, RaumaRock.

nesaksla konsert

Shae Huppert syns det var spennande med konsert på toppen av eit fjell.

Foto: Ann Eli Nøsen / NRK

– Eg syns det er veldig kult at det er ein rockekonsert på toppen av ein "rock" (fjell), seier amerikanske, Shae Huppert.

Dei sprekaste tok ein dagstur over Romsdalseggen, medan andre gjekk Romsdalstrappa opp frå Åndalsnes. Men, ikkje alle var klar over at det var konsert på toppen av fjellet.

– Vi såg helikopter som kom opp og ned og trudde først dei var ei ulykke. Det var gledeleg å sjå at det ikkje var tilfelle, men at det var konsert på toppen, seier Martin Skadal.

NESAKSLA

Martin Skadal og kameraten trudde først det var ei ulykke på fjellet då dei såg helikopteret kome.

Foto: Roar Strøm / NRK

Stort også for Postgirobygget

Arne Hurlen

Vokalist Arne Hurlen syns det var stas å halde konsert på Nesaksla.

Foto: Roar Strøm / NRK

Postgirobygget var i godt humør og spøkte med publikum undervegs i konserten.

– Kall meg gjerne naiv, men eg var ikkje klar over at det budde så mange folk oppe i fjellheimen her, seier vokalist Arne Hurlen til latter frå publikum.

Bandet syng, "Jeg sitter opp på berget og ser utover havet, en solskinnsdag i ferien min", ei låt som verka som skapt for konserten på Nesaksla.

– Det er kjempe kjekt å halde konsert i slike omgivnadar. Det er stas at så mange folk, der enkelte har gått i seks-sju timar, har teke turen for å høyre på oss, seier vokalisten som sjølv flaug opp i helikopter.

– Prikken over i-en

nesaksla

Postgirobygget er favorittbandet til Elin Brandsæter.

Foto: Roar Strøm / NRK

For Elin Brandæter var det ei ekstra spesiell opplevelse.

–Postgirobygget er eitt av favorittbanda mine, så dette var veldig kjekt, seier ho.

– Kva er kjekt med å høyre dei her oppe, då?

– Det er atmosfæra, at ein er ute i frisk luft omkransa av fantastiske omgivnadar.

Martine og Sofie Furuholmen tok turen over Romsdalseggen og avslutta den lange fjellturen med rockekonsert.

– Dette satte prikken over i-en for å seie det slik, seier dei.

nesaksla konsert

Fleire hadde gått i stor stemning på toppen av Nesaksla i dag.

Foto: Wilhelm Støylen / NRK