NRK Meny
Normal

Posten ønsker å kutte brevsorteringa i Molde

Mellom 30 og 40 tilsette miste jobben ved Posten si brevsortering i Molde.

Brevsortering Postterminalen Molde

Her på Postterminalen i Årødalen i Molde blir det sortert brevpost for heile Møre og Romsdal pluss Nordfjord.

Foto: Gunnar Sandvik/NRK

Posten foreslår å kutte ut brevsortering ved terminalane i Trondheim, Bergen, Stavanger, Stokke, Evenes, Hamar og Molde i 2017.

Endringane vil truleg gjere 400 årsverk overflødige. I Molde kan mellom 30 og 40 tilsette miste jobben.

Posten ønskjer å legge om verksemda, fordi det vert sendt færre brev, seier Kjetil Løbersli, distriktssjef for Nordmøre og Romsdal.

– All brevproduksjonen blir flytta til austlandsterminalen. Då blir også brevsorteringa i Molde til no flytta dit, seier han.

Nødvendig

Planane inneber blant anna at dagens ti terminalar som sorterer brev, skal kuttast ned til tre. Posten foreslår å vidareføre Austlandsterminalen, Bodø og Tromsø.

Kjetil Løbersli

Kjetil Løbersli, distriktssjef for Nordmøre og Romsdal, seier endringane er nødvendige.

Foto: Eirik Haukenes / NRK

Posten vil også slå saman A-post og B-post, og heller ha to dagar på seg på å levere alle brev.

– Det er heilt nødvendig at posten tek slike grep. Volumet stupar og vi har hatt ein nedgang på om lag 10 prosent så langt i år, og det går ikkje i lenga, seier Løbersli.

Posten håpar å få forslaget godkjent i Stortinget før sommaren.

– Det er opp til Stortinget å avgjere om det blir todagars brevsending, så det er framleis usikkert kva som skjer, seier Løbersli.