Direktør i MRF Anker Grøvdal er gledeleg overraska over auken, som han seier var uventa.
Tidlegare i år frykta MRF ein elendig sesong for turistsambanda.
Positivt overraska
Det såg dårleg ut for turistsambanda til MRF tidleg i vår. Talet på passasjerar ved strekninga Geiranger-Hellesylt gjekk ned med heile 49 prosent i mai, samanlikna med fjoråret.
Dette, i tillegg til lite bestilling frå turoperatørar gjorde at utsiktene for sommaren såg svært dystre ut. Men i juli har dei reiselystne gjort at resultatet blei mykje betre enn forventa.
Men trass i auken, ser Grøvdal på utviklinga med uro. På strekninga mellom Hellesylt og Geiranger har det vore ein nedgang på over 130 bussar, - eit resultat av redusert aktivitet frå turoperatørane si side.