NRK Meny
Normal

Portal for lokale oppdrag under bygginga av Nordøyvegen

Lokale bedrifter som har tenester å tilby hovudentreprenørane når Nordøyvegen skal byggast, får no ein eigen, nettbasert møtestad.

Illustrasjoner av Nordøyvegen, Rundkjøring mot Hestøya

Det store prosjektet med bygginga av Nordøyvegen, bør kunne gi lokale bedrifter høve til å yte tenester for hovudentreprenørane, meiner næringslaget i Haram.

Foto: Kathrine Pernille Beite / Statens vegvesen

Bygginga av Nordøyvegen kjem til å ta seks år, er kostnadsrekna til 3,8 milliardar kroner og her kan det vere god sjanse for at det kan drype oppdrag også på mindre bedrifter i fylket, meiner Haram Næring og Innovasjonsforum.

– Dei store entreprenørane som får hovudoppdraga med å bygge sambandet, kan ha bruk for eit vidt spekter av lokale tenester under byggeperioden. Nettportalen vår blir ein møteplass for dei store entreprenørane og lokale bedrifter, seier Guttorm Ulla i Haram Næring og Innovasjonsforum.

Ulla meiner dei store entreprenørane som får oppdraget med å bygge sambandet, kan ha bruk for mange ulike tenester lokalt. No gjeld det å syne fram kva som finst i fylket av slike.

Guttorm Ulla

Guttorm Ulla er leiar i Haram Næring og Innovasjonsforum som no vil etablere Nordøyvegportalen.

Foto: DAVID KREKLING / NRK

– Det kan dreie seg om alt frå transport, gravemaskiner, båttransport, overnatting, butikktenester, catering, fritidsopplegg, husvære og mangt anna. Her kan lokale bedrifter bli leigde inn og vere med å utfylle mindre oppdrag prosjektet vil krevje, seier Ulla.

Haram Næring og Innovasjonsforum arbeider no med alt det tekniske rundt opprettinga av nettstaden, som dei vonar vil vere oppe å gå i løpet av sommaren.

Nyetableringar

Guttorm Ulla meiner det store Nordøyveg-prosjektet kan føre til etablering av nye bedrifter i distriktet. Han opplever at enkelte går rundt og vurderer om dei skal satse på nettopp det.

– Dette er eit gunstig tidspunkt å starte ein aktivitet. Nyetablerte kan kanskje gå rett inn og starte ein aktivitet opp mot bygginga av Nordøyvegen, meiner Guttorm Ulla.

Nettportalen kjem til å bli oppbygd rundt ulike kategoriar tenester, slik at det skal vere lett å manøvrere for både tilbydar og kjøpar.

Vegvesenet orienterer om Nordøyvegen

I mars orienterte vegvesenet entreprenørar frå inn- og utland som kan vere interesserte i store oppdrag på Nordøyveg-anlegget.

Foto: Sissel Brunstad / NRK

– Det kan vere kategoriar som transport og overnatting, seier Ulla og legg til at om kort tid kjem dei til å invitere bedrifter til å presentere seg i portalen.

Guttorm Ulla meiner til og med det å vere lokalkjent i området kan vere ei teneste å tilby.

– Fleire av dei store entreprenørane som får oppdrag, vil truleg ikkje vere lokalkjende i vårt distrikt, og vil neppe kjenne til kven som kan levere alt det dei treng. Då kan eit tilbod om å formidle lokalkunnskap, rett og slett vere noko å satse på for det vil spare entreprenørane for tid, meiner han.

Entreprenørar får orientering om Nordøyvegen

Det blir eit krevjande prosjekt for hovudentreprenørane når Nordøyvegen skal byggast, kom det fram på orienteringsmøtet vegvesenet heldt i mars. Byggeperioden er sett frå hausten 2017 til 2023.

Foto: Sissel Brunstad / NRK

I tillegg til å vere ein møteplass, skal portalen også fungerer som ein stad for å hente nyheiter rundt bygginga av vegsambandet.

– Vi kjem til å følgje tett med på det som skjer rundt Nordøyvegen framover. I nettportalen vil vi formidle informasjon frå vegvesenet, og legge ut smått og stort om prosjektet elles, seier Guttorm Ulla.

Vegvesenet ser behovet

Prosjektleiar i Statens vegvesen for Nordøyvegen, Marianne Nærø, er positiv til at ein nettportal blir oppretta for Nordøyvegutbygginga.

– Det er vinn-vinn- for alle partar med ein slik portal. Særleg vil det vere bra for entreprenørar som sit andre stader i landet og rundt i verda, og ikkje er lokalkjende. Det vil forenkle prosessen deira når dei kan gå til ein slik informasjonskanal og skaffe seg oversikt over teneste og moglegheiter i området, seier Nærø.

Portrett av kvinne

Marianne Nærø er prosjektleiar for Statens vegvesen og arbeider dagleg med planane for bygginga av Nordøyvegen. Ho meiner det er bra at ein nettportal som bindeledd mellom lokale bedrifter og dei som får hovudentreprisene på bygginga, er gode greier.

Foto: Sissel Brunstad / NRK

Bompengesøknaden til Nordøyvegen blir tatt opp i Stortinget 19. juni. Med positivt vedtak kan Statens vegvesen lyse ut konkurransane om dei sju store oppdraga som ligg i prosjektet.

Bygginga av Nordøyvegen skal etter planen starte i haust.