I fem år har prosjektleiar Arne Tunheim undervist skulebarn om havet og kystkulturen ombord i ein fiskebåt.
Hittil er det staten og fiskerinæringa som har betalt. Men no er samarbeidet med dei over, og kommunane må overta finansieringa. Og då blir det bråstopp.
Ikkje råd
Ingen av sunnmørskommunene har råd til å betale dei mellom 50-60.000 kronene det vil koste å halde fram opplæringa.
- Dette er synd, seier Arne Tunheim. Eg synast samfunnet burde ta seg råd til dette. Det er eit viktig tilbod for ein kystregion som vår, seier han.
Tunheim vil likevel prøve å drive prosjektet vidare på privat basis, men då må elevane betale for å delta.