NRK Meny
Normal

Populær julelystrend

Denne helga blir det tent julelys over heile fylket. Men det er ikkje berre julegraner og julegater som lyser opp desembermørket. Dei siste åra har det også blitt populært å tenne julelys på fjelltoppane.

Laurdag hadde over 200 personar møtt opp for å få med seg tenninga av Realstjerna på Sukkertoppen. I år var den sjuande gongen stjerna vart tent.

– Det er utruleg samlande for heile nærmiljøet. I tillegg er det ein veldig fin tradisjon, seier Hans-Petter Sandseth.

Julegraner, julegater og juledekorasjonar på fjelltoppar bidreg til å lyse opp desembermørket og gir oss julestemning. I heile Møre og Romsdal blir det denne helga tent julelys.

Årelang tradisjon

Kanskje er du ein av dei som pakkar sekken full av utstyr og går lange avstandar for å pynte ein av fylkets mange flotte fjelltoppar? I Molde har dette vore ein viktig tradisjon i ei årerekke.

Ola Gjendem

Ola Gjendem fortel at julelystenninga på toppen av Varden har vore ein tradisjon i ei årerekke.

Foto: Trond Vestre / NRK

– Dette er ein tradisjon som skriv seg tilbake til 1957. Den jula lyste det oppe på fjelltoppen i Molde, og det har det gjort kvar einaste jul sidan, seier lokalhistorikar Ola Gjendem.

Moldensarane har nemleg tent julelys på utsiktspunktet Varden i fleire tiår. Fire vaierar med førti lyspærer skapar illusjonen av eit juletre 407 meter over havet.

Det er Selskabet for Molde Byes Vel som setter opp juletreet på Varden. Det lysande juletreet har blitt eit landemerke i Molde, og kan skimtast på lang avstand, noko som betyr at mange følgjer med.

– Vi får fort beskjed dersom lyset sløkker, seier Gjendem lattermild.

– Det har hendt at vi har fått telefon frå Hurtigruten som etterlyser treet, held han fram.

Gjendem trur det er fleire enn moldensarane som får julestemning av julelysa på Varden.

– Juletreet sender ei varm helsing til naboane våre, både fjernt og nært, seier han.

– Like svært kvart år

Men moldensarane er ikkje aleine om å pryde fjelltoppane med spektakulære julelys. Over heile Møre og Romsdal kan ein sjå det same. Også på Emblemsfjellet i Ålesund har det vore montert julelys dei siste 11 åra.

I ei årerekke har Torbjørn Aarø og Per Ove Stølen syter for å lyse opp toppen av Emblemsfjellet. Det var då dei to karane dekorerte julegrana i Spjelkavik saman at dei fekk ein lys idé.

– Ei jul såg vi oppover mot Emblemsfjellet og tenkte: «der skal vi lage eit juletre», seier Stølen.

Og det gjorde dei. Resultatet blei ein lysdekorasjon forma som eit juletre. Dei merkar at stadig fleire har valt å gjere det same.

– Eg tykkjer eg ser nye lysinstallasjon kvart år, på stadig fleire fjelltoppar, seier Aarø.

Dei to karane har ikkje angra på ideen dei fekk for elleve år sidan.

– Vi får veldig mange positive tilbakemeldingar frå folk på gata. At det betyr så mykje for folk inspirerer oss til å halde fram, seier Aarø.

Søndag er det igjen klart for juletretenning på Emblemsfjellet. Til stor glede for dei frammøtte.

– Det er like svært kvart åra. Barna tel ned og det blir stor jubel når treet endeleg blir tent, seier Stølen.

Julebyen Ålesund

Kunstnaren Solveig Fagermo har vore ansvarleg for prosjektet Julebyen Ålesund, noko som verkeleg set sitt preg på byen. Fredag var ho ute i Ålesunds gater og lyste opp byen. Sjå video.

Kunstnaren Solveig Fagermo har vore ansvarleg for eit prosjekt med svært mange lys, Julebyen Ålesund, noko som verkeleg set sitt preg på byen.

Kunstnaren Solveig Fagermo har vore ansvarleg for prosjektet Julebyen Ålesund, noko som verkeleg set sitt preg på byen.