Hopp til innhold

Popkongen av Ørsta

Han produserte låter for popstjerner, men drøymde om å bli mjølkebonde i Ørsta. Så enkelt vart det ikkje for Bottolf Lødemel. (Foto: Sandra Mørkestøl)

Video Låtskriver Bottolf

For ti år sidan hadde Bottolf Lødemel full jobb med å komponere radiovenlege låtar for popstjerner. M2M, S Club 7 og Kylie Minouge er berre nokre av artistane som har lånt rytmer frå ørstingen, som var signert med eit dotterselskap av plategiganten Universal.

– Det var eit lite bohemliv. Det var heilt fantastisk, men samtidig var det mykje jobb og lange dagar. Det var jo eigentleg bondelivet eg draumde om, fortel Bottolf.

Frå bohem til bonde

Heime på Årflot i Ørsta venta pappa Lødemel på at Bottolf skulle komme heim og ta over mjølkebruket. Då eldstedotter Mattea kom til verda, for no elleve år sidan, var tida inne.

– Kona mi fekk plass som dyrlege og eg tok over garden. Det var det eg ynskja for borna mine, fordi eg sjølv hadde ein fantastisk oppvekst her i Ørsta.

Etter kvart vart familien utvida med no ni år gamle Vilde. Dei to døtrene fekk det livet Bottolf hadde ynskt for dei, men for han sin del tok bonderomantikken brått slutt.

Allergisk mot fjøs

– Eg fekk allergiske reaksjonar av å være i fjøs. Det var ein tøff beskjed å få, men det er vel sånn livet er. Det blir i hvertfall ikkje kjedeleg.

Løysinga vart at han i dag er medeigar i eit sameige, og bur på garden i Årflot. I kjellaren har han innreda musikkstudio, og etter ti års pause frå musikkbransjen har gleda ved musikken kome attende.

– Eg kan vakne midt på natta av at eg draumer ein melodi. Då må eg berre få han ut. Har eg ikkje anna opptaksutstyr i nærleiken finn eg fram mobiltelefonen min og nynnar inn melodien.

Spelar inn album

For tilfeldig forbipasserande kan ein slik seanse sjå noko pussig ut, når han trommer på søppelspann eller kva anna som er tilgjengeleg av rytmeinstrument.

Rytmane blir no spela inn saman med det nye bandet Mellville, som består av lokale musikktalent og syng pop/køntri på nynorsk. Målet er gje ut ei plate så snart alle låtane er på plass.

– No er musikken berre koseprosjekt for meg. Når eg skriv melodiar er det for oss, ikkje for nokon andre. Det kanskje bra at det ikkje er ein jobb lenger, seier Bottolf.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL