Stabssjef ved Sunnmøre politidistrikt, Kåre Hanken, seier dei har vore klar over dette i nokre veker, men at det er lite dei kan gjere for å hindre det.
Tungvint
-Den direkte konsekvensen blir at det blir meir tungvint for politiet å arbeide. I dag må vi bruke mobiltelefonen for å gi sensitive opplysningar eller personopplysningar i staden for å kunne sende dei på radioen direkte, seier Hanken.
Kåre Hanken mislikar at radiosambandet til politiet i Ålesund er tilgjengeleg på internett.
Det er ikkje ulovleg å lytte til politiet sitt radiosamband, men Hanken seier at lyttinga frå uvedkommande hemmar politiet sitt arbeid. Det at radiosambandet no ligg ute på internett, gjer at det blir meir tilgjengeleg. Medan dei som tidlegare måtte kjøpe ein eigen mottakar for å følgje med på sambandet, treng ein no berre tilgang på internett.
Usikker på lovlegheita
Kåre Hanken seier at han er usikker på kor lovleg det er å legge sambandet ut på nettet, men tidlegare i år vart fleire andre politidistrikt lagt ut. Mellom dei var Oslo, Bergen og Trondheim. Så langt som han kjenner til har det ikkje blitt gjort noko for å stoppe distribusjonen i desse distrikta.