Hopp til innhold

Politimelder oppdrettsanlegg for støy

Naboar opplever støyen frå oppdrettsanlegget i Bremnesfjorden i Averøy så forstyrrande at dei melder saka til politiet. Dei meiner lyden går på helsa laus.

Anita Fjellstad klagar på støy frå Lerøy

Anita Fjellstad er ein av naboane som reagerer på støy frå oppdrettsanlegget.

Foto: Eirik Haukenes / NRK

Oppdrettsanlegget ved Hogsneset i Averøy skaper frustrasjon for dei som bur like i nærleiken. Dei har klaga på støyen tallause gongar, men når ikkje fram. Dei hevdar at lyden frå Lerøy gjer dei sjuke.

– Når kona må reise bort for å bevare helsa, meiner eg det er alvorleg, seier Arne Fjellstad.

Eva Schultz kjøpte seg hytte like ved fjorden for eit par år sidan og meiner situasjonen er uhaldbar.

– Det bråkar noko frykteleg. Det er heilt forferdeleg, seier Schultz. Fleire av naboane slit med nattesøvnen.

LES OGSÅ:

Kvalme og hovudpine

Det har vore oppdrettsanlegg i området i årevis, men det som starta i det små, har vorte kraftig utvida. Lerøy har gjort støytiltak, men naboane opplever at lyden berre blir verre. Det er den lavfrekvente lyden frå båtar og foringssystem dei reagerer på.

– Vi kan miste konsentrasjonsevna. Det er svært helseskadeleg i lenga, seier Anita Fjellstad. Andre klagar over hjartebank og hovudpine. No melder dei verksemda til politiet og bankar i bordet med nabolova.

Klagar på støy i Averøy

Fleire av dei som har hus og hytter i området meiner dei har fått helseplager.

Foto: Eirik Haukenes / NRK

Kompliserte reglar

Naboane har prøvd å få hjelp frå andre etatar, men har ikkje nådd fram. Averøy kommune kan ikkje gjere noko, sidan det er Fylkesmannen som gir konsesjon til oppdrettsanlegg.

Fagansvarleg ved Fylkesmannen i Møre og Romsdal, Anne Melbø, seier at reglane er klare, men kompliserte. Den lavfrekvente lyden er ikkje omfatta av lova.

– Støykrava kan bli haldne, men støyen vil framleis kunne opplevast som forstyrrande, seier Melbø.

Lerøy driv oppdrettsanlegg ved Hogsneset i Averøy

Lerøy driv oppdrettsanlegg ved Hogsneset i Averøy. Bedrifta har gjort tiltak for å dempe støy, seier konsernleiinga.

Foto: Eirik Haukenes / NRK

Gjer tiltak

Lerøy meiner dei fylgjer krava og at drifta er innanfor lovverket.

– Det vert gjort tiltak og det kjem til å bli gjort endå meir for å dempe støy. Spørsmålet er om det er tilstrekkeleg for å fjerne ulempa som naboane kjenner på, seier Stig Nilsen. Han er konserndirektør for havbruk i Lerøy.