NRK Meny
Normal

Slik vil regjeringa sine ekstramillionar hjelpe distriktet

Politimeisteren på Sunnmøre meiner regjeringa sine ekstra millionar til terrorberedskap vil merkast i distriktet.

Jon Steven Hasseldal

Politimeister Steven Hasseldal er nøgd med regjeringa sine ekstra millionar for å betre beredskapen i Noreg.

Foto: Jannicke Susann Farstad / NRK

Regjeringa varsla onsdag 109 millionar kroner ekstra til beredskap i statsbudsjettet for 2014.

Dette er regjeringa sitt svar på den knusande rapporten 22. juli-kommisjonen la fram i august i fjor.

– Det var eit positivt bidrag det. Eg synest det er bra at regjeringa no løyver pengar til desse tiltaka, seier politimeister Steven Hasseldal ved Sunnmøre politidistrikt.

Vil styrke distriktet

Distrikta vil merke desse ekstra millionane, meiner Hasseldal. Ein skal auke talet treningstimar til den vanlege politimann (IP4), frå 40 til 48 timar.

– Det kostar pengar å auke utdanninga, så det er viktig at regjeringa gir pengar til dette, slik at politidistrikta ikkje trekk på dei ressursane ein allereie har, seier Hasseldal.

Regjeringa har og bestemt seg for auke talet på polititenestemenn som utfører skarpe oppdrag i distriktet. I dag finst det 800 slike, men i utgangen av 2014 skal det vere 1200 polititenestemenn av denne sorten i landet.

– Det vil vere ein reell styrke for oss. Vi som bur langt frå Oslo må klare oss sjølv dei første timane, så det vil vere eit godt og viktig bidrag for å styrke beredskapen i distriktet, seier Hasseldal.

I tillegg vil og regjeringa at det skal vere nettbrett i politibilar.

– Det er positivt med mobile IKT-løysingar i bilane. Dette er jo også eit viktig bidrag, og vi er glad for at regjeringa sett av pengar til dette, seier Hasseldal.

Ikkje gløym «kvardagsberedskapen»

Jan Magnar Sandvik

Jan Magnar Sandvik er tillitsvalt og leiar av politiets fellesforbund på Sunnmøre.

Foto: Unspecified

Jan Magnar Sandvik som er tillitsvalt og leiar av politiets fellesforbund på Sunnmøre meiner at det er veldig bra at regjeringa har fått ei melding som heiter terrorberedskap no. Likevel synest han meldinga frå eit distriktsynspunkt er meir eit tiltak som er av nasjonal karakter.

– Ein må ikkje gløyme kvardagsberedskapen som er den viktigaste beredskapen vi har, den som mellom anna lokal politi har rundt omkring i landet, meiner Sandvik.

Slik blir pengane fordelt ifølgje meldinga:

  • 86,3 millionar kroner til Politidirektoratet – politi og lensmannsetaten
  • 3 millionar kroner til Politihøgskolen
  • 12 millionar kroner til Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap (DSB)
  • 3,5 millionar kroner til frivillige organisasjonar i redningstenesta
  • 700.000 kroner til Direktoratet til nødkommunikasjon (naudnettet)
  • 2,52 millionar kroner til Luftforsvaret