Forbodet mot å drikke alkohol i parkar og friluftsområde bør stå ved lag, meiner politimeister Arnstein Nilssen i Nordmøre og Romsdal politidistrikt.
Retiro i Molde. Foto: Gunnar Sandvik, NRK.
Leiar av justiskomiteen, Trond Helleland frå Høgre, meiner det kan vere på tide å fjerne dette forbodet.
Uhaldbare forhold
- Dette er eit forslag eg ikkje kan applaudere, seier Arnstein Nilssen til NRK Møre og Romsdal. I byar som Kristiansund, Molde og Ålesund har ein del personar ønska å ta i bruk parkanlegga som sin eigen hage og ha jamnlege hageselskap. Det fører til drikking og påfølgande urinering, og til uhaldbare forhold for det øvrige publikum, seier Nilssen.
- Men nå vil noen si at du svartmaler situasjonen, og at folk må vel kunne sitte i en park og nyte et glass vin eller en flaske øl ?
Arnstein Nilssen. Foto: Gunnar Sandvik, NRK.
- Nei, eg er klar over at det er dette Trond Helleland vil, og eg er klar over at det kan vere forskjell på korleis parkane i dei ulike byane kan bli brukte. Eg trur likevel eg er ganske godt kjend med tilhøva i byane i Møre og Romsdal. Forholda ville bli umoglege om dette forslaget blir vedteke, seier Nilssen.
Forsøpling
Nilssen seier at ansamlingar av ruspåverka personar ofte fører til forsøpling. - Det er ikkje sånn vi ønskjer å vise fram byane våre. Vi ønskjer at det skal vere triveleg, og det blir det ikkje om det blir lovleg å bruke alkohol i parkane, seier Nilssen til NRK Møre og Romsdal.