Hopp til innhold

Politimann i retten for underslag: – Eg passerte ei grense

Den erfarne politimannen selde store mengder stole politiutstyr på internett. Påtalemakta ber om han blir fengsla i ni månader.

Aruna Skingen

Tingrettsdommar Aruna Skingen leiar retten i Ålesund.

Foto: Remi Sagen / NRK

Politimannen tok til tårene då han tysdag forklarte korleis saka har påvirka familien og jobben som politi.

– Eg vil takke for tida eg har hatt i politiet og sjå framover, sa han, medan han gret.

Politimannen tok med seg heim politiutstyr for rundt 700 000 kroner. Ved å selje store mengder av dette, tente han rundt 400 000 kroner.

Tysdag forklarte han seg i retten om kvifor han stal med seg kle, lykter, belter og anna utstyr frå utstyrslageret til politiet.

Ombygging og flytting på politihuset gjorde at han kunne halde på, utan at omfanget av tjuveriet blei oppdaga.

Gry Berger

Gry Berger er forsvarar for den sikta politimannen. Ho meiner ni månaders fengsel er for strengt.

Foto: Remi Sagen / NRK

– Burde ha skjønt

På spørsmål frå dommaren forklarte den erfarne politimannen at tjuveriet etterkvart framsto som uproblematisk for han, og at han bortforklarte for seg sjølv det som eigentleg skjedde.

– Eg var i ein situasjon der eg ikkje greidde å sjå kor gale det var det eg gjorde, og det er noko eg burde ha skjønt. Eg passerte ei grense der eg også laug overfor meg sjølv for å akseptere det eg gjorde og tenkje at det var greitt, forklarte han.

Aruna Skingen i Møre og Romsdal tingrett

Møre og Romsdal tingrett behandlar underslagssaka mot politimannen.

Foto: Remi Sagen / NRK

Foreslår ni månader i fengsel

Påtalemakta har foreslått ni månaders fengsel for politimannen. I tillegg har Møre og Romsdal politidistrikt bedt om å få betalt tilbake rundt 400 000 kroner.

Politimannen fekk spørsmål i retten om kva han meiner om lengda på fengselsstraffa.

– Høgt, eg ser ikkje for meg korleis eg skal forsørge familien min dersom det blir ein realitet, forklarte han i retten.

Han sa også at ein fengselsdom vil gjere at han ikkje kan kome tilbake som politimann, og at det også gjer at han ikkje kan få sikkerheitserklæring på lang tid. Dermed vil det vere vanskeleg å få andre relevante jobbar i framtida.

Thomas Arntsen, Spesialenheten for politisaker

Thomas B. Arntsen i Spesialeininga for politisaker.

Foto: Oddgeir Øystese / NRK

Ba om mildare straff

Advokaten hans, Gry Berger, la vekt på at saka har vore ei stor belastning også for familien og ba om at fengselsstraffa blir redusert til seks månader og på vilkår.

Mannen er suspendert frå jobben i politiet, men seier det har vore vanskeleg å skaffe nytt arbeid.

Politimannen har lagt alle kort på bordet, og det er difor ei forenkla rettsak i Ålesund tysdag.

Dommen er venta seinare denne veka.

Les også Politimann sikta for å ha stole politiutstyr for nesten 700 000 kroner

Ålesund politistasjon

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL