Hopp til innhold

Politimann må i fengsel i sju månader: – Han er veldig skuffa

Sju månaders fengsel ventar politimannen som har stole verdiar for rundt 700 000 kroner frå arbeidsgjevaren sin. Han er svært skuffa over dommen.

Gry Berger

Forsvarar for politimannen, Gry Berger, seier saka har vore ei stor belastning også for familien til politimannen

Foto: Remi Sagen / NRK

Det var ein sterkt prega politimann som møtte i Møre og Romsdal tingrett denne veka. Han har lagt alle kort på bordet, og vedgjekk å ha tatt med seg kle, utstyr, belte og lykter for nesten 700 000 kroner heim.

Store delar av dette selde han via annonser på internett.

No er han dømd til fengsel i sju månader.

Han må også betale ei erstatning på 401 288 kroner.

– Han er veldig skuffa og hadde håpt på at iallefall deler av fengselsstraffa kunne blitt på vilkår, seier forsvaren hans, Gry Berger.

Ho seier dei ikkje har lese dommen grundig endå, og ikkje tatt stilling til ankespørsmålet.

Kollega oppdaga annonse

Retten ser på underslaget som grovt. Dommen legg vekt på at verdien av det politimannen har underslått er betydeleg og at underslaget har pågått over om lag tre år og ti månader.

Retten ser det også som klart skjerpande at underslaget er begått av ein politimann i ei betrudd stilling.

Ombygging og flytting på politihuset gjorde at han kunne halde på utan at omfanget av tjuveriet blei oppdaga.

Forholdet blei først avdekt ved at ein tilsett i Politiets Fellestjenester reagerte på ei salsannonse på internett.

Ålesund politistasjon

Underslaget vart begått av ein politimann i ei betrudd stilling.

Foto: Øyvind Sandnes / NRK

Ankar neppe

Påtalemakta har foreslått ni månaders fengsel for politimannen. Noko av årsaka til at han har fått ein mildare dom, er at han har tilstått på eit tidleg tidspunkt og samarbeidd med politiet.

– Vi konstaterer at retten har lagt seg noko under vår påstand, men slik som det framstår er det ingenting som tilseier at vi kjem til å anke dommen, seier Thomas B. Arntsen i Spesialeininga for politisaker.

Spesieleininga for politisaker har tidlegare uttalt at saka er den alvorlegaste i sitt slag.

– Det er ei veldig alvorleg sak. Både på grunn av tillitsbrotet dette utgjer og omfanget av utstyr og verdien av det.

Arntsen meiner denne saka er uheldig for tilliten folk har til politet.

– Dette er ein etat som har ansvar for å etterforske denne typen hendingar når det skjer med andre personar, og då er det opplagt at ein bør kunne ha tillit til at politiet sjølve har kontroll på denne type ting, seier Arntsen.

Advokaten til den erfarne politimannen, Gry Berger, ba om fengsel på vilkår, men har ikkje fått gehør for det.

Les også: Politimann i retten for underslag: – Eg passerte ei grense

Aruna Skingen
Aruna Skingen

Berger har i retten lagt vekt på at saka har vore ei stor belastning også for familien og ba om at fengselsstraffa blir redusert til seks månader og på vilkår.

La alle kort på bordet

Mannen er suspendert frå jobben i politiet, og seier det har vore vanskeleg å skaffe nytt arbeid.

På spørsmål frå dommaren forklarte den erfarne politimannen at tjuveriet etterkvart framsto som uproblematisk for han, og at han bortforklarte for seg sjølv det som eigentleg skjedde.

– Eg var i ein situasjon der eg ikkje greidde å sjå kor gale det var det eg gjorde, og det er noko eg burde ha skjønt. Eg passerte ei grense der eg også laug overfor meg sjølv for å akseptere det eg gjorde og tenkje at det var greitt, forklarte han i retten.