NRK Meny

Politimann blir etterforska for vald

Ein polititenestemann frå Nordmøre og Romsdal politidistrikt er mistenkt for vald mot sambuaren sin.

Inngangsparti, Nordmøre politidistrikt og Nordmøre Tingrett

Ein polititeneste mann som jobbar i Nordmøre og Romsdal politidistrikt blir etterforska for vald.

Foto: Rune Petter Ness / Scanpix

Artikkelen er flere år gammel.

Ein polititenestemann blir etterforska og er sett under offentleg påtale.

Årsaka til at han no blir etterforska er at personar skal ha kontakta politiet då dei såg at han skal ha slått til sambuaren sin på ein utestad i Kristiansund sist lardag kveld, skriv Tidens Krav.

Etterforskninga blei satt igang i går. Mannen forlet heller ikkje lokalet då han blei beden om det, og blei difor henta av politiet.

Han var ikkje i teneste då dette skal ha skjedd.

Sunnmøre politidistrikt etterforskar saka.

Siste video/lyd

Mange geitebønder i landet vil ha den elektriske geiteklaven til Gjemnesbedrifta Nofence. Produksjonen pågår for fullt, men geiteklaven er enno ikkje godkjend. Gründerbedrifta treng beitesesongen 2017 for å gi Mattilsynet dokumentasjonen dei krev.
Dei fleste har meir enn nok med å SJÅ utfor kanten på den hundre meter høge Zakariasdammen i Tafjorden på Sunnmøre.
Men det finst folk som vil betale for å få seg ein luftig tur. Og frå neste veke av kan dei gjere akkurat dét...
Fiskesperra som skal redde den nasjonale lakseelva Driva, blir slakta av ekspertar på behandling av gyrosmitte. Miljødirektoratet er ansvarleg for prosjektet til seksti millionar kroner. Dei meiner det trengst berre små justeringar.