Hopp til innhold

Politimann beklagar unødig maktbruk

Politimannen som er tiltalt for å ha slått og tatt kvelertak på ein 24 år gamal mann, beklagar det som skjedde, seier forsvararen hans.

Erling Flisnes

FORSVARAR: - Han er veldig lei seg for det som har skjedd, seier Erling Flisnes, som forsvarar politimannen.

Foto: Odd Kristian Dahle / NRK

- Han er veldig lei seg for det som har skjedd. Han tek sjølvkritikk for det som har føregått, her er det utøvd ulovleg maktbruk, og det er han lei seg for, seier forsvarar Erling Flisnes.

Sikta for andre gang

24- åringen var pågripen for bråk og fyll i Ålesund då hendinga skjedde.

Det er andre gang den sikta politimannen er under etterforskning for å ha utøvd unødvendig makt. I 2004 vart mannen tiltalt, men seinare frifunnen.

- Tek sjølvkritikk

Flisnes ynskjer ikkje å kommentere om dette vil kunne skade politimannens sak i retten, men seier han erkjenner delar av det som skjedde i fjor.

- Han har teke sjølvkritikk, og erkjenner delvis skuld for det som er omtala i siktinga, seier Flisnes.