Hopp til innhold

Namnet på drapsofferet er frigitt

Det var Sami Milhem (f. 1994) som vart drepen i Hareid fredag. Namnet vart frigitt under politiets pressekonferanse søndag.

Sami Milhem (20) vart drepen i eit hus på Bigset i Hareid fredag 8. august

Det var Sami Milhem (20) vart drepen i eit hus på Bigset i Hareid fredag 8. august. Bilde av han er frigitt etter ønske frå familien.

Foto: NRK/Ivar Lid Riise/privat/montasje

Sami Milhem (20)

Bilde av drapsofferet Sami Milhem er frigitt etter ønske frå familien hans.

Foto: Privat

Søndag heldt politiet ny pressekonferanse om drapet i Hareid på Ulstein hotell. Identiteten til den avdøde var lenge ikkje bekrefta, men politiet har no fått dette stadfesta ved hjelp av fingeravtrykk.

Under pressekonferansen frigav politiet namnet til mannen som vart drepen fredag 8. august.

– Namnet hans er Sami Milhem. Han er ein norsk statsborgar og er opphavleg frå Irak, seier fungerande politimeister Ingar Bøen.

Den sikta er under avhøyr

Åstedet for drapet i Hareid - Kripos

Krimteknikarar var på åstaden søndag – og vil sannsynlegvis halde fram mot måndag.

Foto: Ivar Lid Riise / NRK

23-åringen som er sikta for forsettleg drap i ein bustad på Bigset i Hareid er no i avhøyr ved politihuset i Ålesund, opplyser politimeisteren. Den sikta vart arrestert i nærleiken av bustaden sin på Sunnmøre.

– Når vi har fått forklaringa med den sikta, vil vi gjennomføre nye avhøyr med andre vitne. Det vi har fått vite frå den sikta så langt gjer at vi vil snakke med vitna på nytt, seier han.

Politiet vil ikkje gå inn på kvifor mannen ikkje har blitt avhøyrt før.

– Det har blitt teke blodprøve av den sikta og desse prøvene har blitt sendt til Oslo for analyse, seier Bøen.

Veit ikkje kva drapsvåpenet er

Etterforskinga vil halde fram med same styrke utover i denne veka. Teknikarane er endå ikkje ferdig på åstaden, og veit ikkje kva drapsvåpenet er.

– Vi veit ikkje kva drapsvåpenet er, og det har samanheng med at den avdøde ikkje er obdusert, fortalde politimeisteren.

Lensmann Odd Kulø seier at det blir spennande å sjå kva som kjem ut av forklaringa som den sikta gir no. Bøen og Kulø seier at dei ikkje vil spekulere i kva motivet for drapshandlinga kan vere.

Møttest dagen før

Erling Flisnes

Advokat Erling Flisnes er utnemnt som forsvarar for den drapssikta 23-åringen. Arkivfoto.

Foto: Odd Kristian Dahle / NRK

Politiet bekreftar at den sikta og den avdøde møttest dagen før drapet.

– Det har kome fram i ettertid at det var ein hending mellom den sikta og den avdøde torsdag, fortalde Bøen.

Har ikkje snakka med drapssikta

Tjuetreåringen vil bli framstilt for fengsling måndag. Forsvarer Erling Flisnes hadde søndag formiddag endå ikkje snakka med 23-åringen.

– Eg har endå ikkje snakka med min klient, men vi gjere det så fort som praktisk mogeleg, seier Flisnes søndag føremiddag.

Fleire titals tips frå publikum

Politiet har så langt fått inn fleire titals tips, men oppfordrar framleis folk til å ta kontakt viss dei veit noko som kan knytast til saka – sjølv om folk ikkje trur tipset deira er spesielt relevant.

Sjå pressekonferansen i opptak:

Søndag heldt politiet ny pressekonferanse om drapet i Hareid på Ulstein hotell.