Hopp til innhold

Politiet: – Ta forholdsreglar før du reiser vekk

Etter ein rekke innbrot på Sunnmøre den siste tida ber politiet no folk om å varsle naboen før dei reiser vekk. – Ta forholdsreglar før du reiser vekk

Innbrudd i Brattvåg i Haram

Politiet sikra spor i Brattvåg etter det femte innbrotet på kort tid.

Foto: Hilde Ellingsæter

Politiet etterforskar no fem innbrot som har skjedd på Sunnmøre i løpet av dei siste dagane. I helga tok tjuvar seg inn i to hus i Haram, medan ein huseigar fekk stoppa eit tredje innbrotsforsøk i Skodje.

Tysdag ettermiddag rykte politiet ut til ein bustad på Emblem i Ålesund etter melding om at nokon hadde tatt seg inn gjennom eit kjellarvindauge. Politiet ber no folk om å ta forholdsreglar før dei reiser vekk.

– Dei bør seie ifrå til naboen at dei reiser på tur og be naboen om å sjå etter huset medan dei er vekke. Dei bør heller ikkje legge ut på Facebook at dei skal vekk, seier Ove Finnes i politiet.

Ønskjer framleis fleire tips

Politiet har tidlegare gått ut og bedt om tips frå alle som kan ha sett noko, og Finnes opplyser at dei har fått inn tips i saka.

Innbrudd hjemme hos Rolf Forsland i Brattvåg

Tjuvane har for det meste stole sølvtøy.

Foto: Privat

– Vi har fått inn tips om bilar og personar som skal ha vore observert i umiddelbar nærleik av der innbrota har skjedd. Vi har også sikra ein del spor, utan at eg vil gå nærare inn på kva det gjeld. Men vi etterforskar framleis breitt og følgjer opp fleire spor, seier han.

Politiet sett alle dei fem innbrota i samanheng og vil framleis ha tips som kan føre dei nærare tjuven eller tjuvane.

– Folk må berre ta kontakt om dei trur dei har sett noko. Vi er ikkje glad for det som skjer i distriktet vårt no, og vi likar ikkje at folk blir heimsøkt på nattetid av uvedkomande. Sjølv om ikkje alle tinga som har blitt tatt har stor verdi, så har dei stor affeksjonsverdi for dei det gjeld, seier Finnes.