Det har vore lite å gjere for politiet på Lillehammer, der åtte tusen russeungdommar er på landstreff. Mange av dei er russ frå Møre og Romsdal.
– Det er mange ungdommar samla, så det kan fort oppstå noko. Men jamt over har det gått bra, seier operasjonsleiar Jon Wiberg i Innlandet politidistrikt til NTB.
- Les også:
Fredag hadde politiet nesten ingen ting å melde. Laurdag noterte dei seg fire slåstkampar. Men ingen har blitt skadd.
Russen vart nøye sjekka før dei fekk kome inn på russetreffet på Lillehammer.
Foto: Jorun Vang / NRKPå Lillehammer har russeflokken blitt nøye sjekka og kroppsvisitert før dei har fått kome inn på Birkebeineren skistadion. Vaktene har også gått gjennom bilane og bussane som skulle inn.
– Mesteparten av russen er fin og god ungdom, og eg trur treffet på Lillehammer er veldig godt organisert, seier Ann Karin Sundgården i Innlandet politidistrikt til NRK.
- Les også:
I heile landet har totalt 21 000 russeungdommar deltatt på russearrangement. Men det blir ikkje meldt om alvorlege hendingar.
Det har vore strengt vakthald på russetreffet på Lillehammer. Sjå video.