NRK Meny
Normal

Politiet: – Presten vedgår vald mot borna sine

Politiet seier at presten som er tiltalt for mishandling av borna sine, har vedgått straffskuld.

Ålesund politistasjon

Presten skal ha vedgått å ha brukt vald mot borna sine, seier politiet. Kona er ikkje mistenkt for å ha vore med på den påståtte mishandlinga.

Foto: Aleksander Båtnes / NRK

Det var torsdag ettermiddag det blei kjent at ein prest med lang fartstid er tiltalt for mishandling av borna sine gjennom fleire år.

Politiadvokat Maria Vike Nørve seier presten har vedgått det han er tiltalt for.

– Han har vedgått å ha utøvd vald mot borna, og også vedgått straffskuld, seier ho.

Torsdag ettermiddag ville ikkje advokaten til presten, Torgeir Langva, kommentere dette.

Les også:

Påstand om oppdragarvald

Ifølgje tiltalen skal presten ha vore valdeleg, truande og på andre måtar krenka dei to borna sine i årevis. Verst skal det ha gått utover det eldste barnet. Begge skal ha opplevd å ha vore til stades medan faren mishandla den andre.

På spørsmål om kva som skal ha ligge bak den påståtte mishandlinga, svarar politiadvokat Maria Vike Nørve dette:

Maria Vike Nørve

Politiadvokat Maria Vike Nørve seier ho har forstått det slik at presten skal ha slått borna sine for å korrigere framferda deira.

Foto: Hans-Olav Rise / NRK

Slik eg har forstått det handlar det om oppdragarvald. Bruk av vald for å korrigere framferda deira, seier ho.

Kona er ikkje sikta

Kona til presten har status som vitne, og er ikkje mistenkt i saka.

– Kan det vere mogleg å ha drive mishandling i fleire år, utan at ho då ville ha oppdaga det?

– Det er samansett, eg kan ikkje gå inn på detaljane i det, men statsadvokaten har bestemt seg for å ta ut tiltale mot han og ikkje henne, seier Vike Nørve.

Framleis i arbeid

Presten er framleis i teneste, og er ikkje suspendert, men har ifølgje biskop Ingeborg Midttømme sterkt avgrensa arbeidsoppgåver. Ho vil førebels ikkje kommentere om han kan halde fram som prest, dersom han blir dømd for mishandling.

Strafferamma for mishandling i nære relasjonar er seks år.

Rettssaka går for Sunnmøre tingrett 24. august.