NRK Meny
Normal

Politiet: – La 17. mai-feiringa gå som normalt

Politiet i Møre og Romsdal set i verk tiltak på 17. mai, med tanke på terrorsituasjonen i Europa. Samstundes er politiet medvitne om at tiltaka ikkje skal skape frykt.

17. mai Ålesund

Full fart og moro under 17.mai-feiringa i 2016. Slik bør det også vere i år, meiner politiet.

Foto: Halvard Alvik / NTB scanpix

Politimeister Ingar Bøen er tydeleg på at der er eit dilemma mellom å ta terrorfaren på alvor på den eine sida, og å medverke til auka frykt på den andre.

Ingar Bøen

Politimeister i Møre og Romsdal, Ingar Bøen.

Foto: Lars Ivar Nordal / NRK

Det ligg føre ei trusselvurdering frå PST. Denne er ikkje spesifikk for Møre og Romsdal, men gjeld for heile landet, seier Ingar Bøen, og bed både media og andre om å ikkje medverke til auka frykt.

I april oppjusterte PST trusselnivået i Noreg. Bakgrunnen var at ein 17-åring blei pågripen med ein bombeliknande gjenstand med eksplosivt materiale på Grønland i Oslo. Dette skjedde om lag på same tid som Stockholm blei utsett for eit terroråtak og ei stund etter terroråtaket i London.

Denne veka har også politiet i Møre og Romsdal analysert situasjonen i lys av den komande 17. mai-feiringa, med mykje folk som er ute i gater og samlingsstader både i byane og ute på bygdene.

– Vi har diskutert kva tiltak dette skal innebere for vår del, seier Ingar Bøen til NRK.

– Betyr dette at det blir meir synleg politi enn det som er vanleg på 17. mai?

– Eg har ikkje lyst til å snakke så mykje om kva konkrete tiltak vi set i gang. Men vi har analysert situasjonen i heile distriktet. Og vi har sett i verk nokre tiltak for å betre tryggleiken, seier Bøen.

I Oslo har politiet offentleggjort at det blir meir politi enn vanleg på vakt 17. mai. Det blir også fleire vektarar i gatene enn normalt. Politiet bed også dei som eventuelt er redde om å trasse frykta og delta i feiringa som vanleg. Også politiet i Agder har gått ut med at dei aukar bemanninga på 17. mai på grunn av terrorfrykt. I Bergen har politiet innført forbod mot tunge køyretøy i samband med 17. mai-toget.

I alle desse distrikta er politiet påpasselege med å forklare at det ikkje ligg føre nokon spesifikk trussel mot 17. mai-feiringa, og at tiltaka er innført for å vere føre var. Slik er det også i Møre og Romsdal. Og politimeister Ingar Bøen seier at folk må feire nasjonaldagen som vanleg.

– Det som er grunnleggande for oss og for alle andre er at vi bed folk om å gå ut og feire 17. mai på vanleg måte. Dette skal vere ei verdig feiring der barna står i sentrum. Vi tykkjer at vi og alle andre skal te oss heilt som vanleg, seier Bøen til NRK.