To av kattane måtte avlivast etter store sårskadar og to andre kattar hadde fått etsande væske i pelsen.
Katteeigar Eivind Lois Helset har tenkt tanken om at nokon kan ha gjort dette mot kattane for å skade dei.
– Dersom nokon har gjort dette med vitande vilje for å skade dyr, så er det heilt forferdeleg, seier lensmann i Sykkylven, Evelyn Lieseth.
– Dyremishandling
Lensmann Lieseth kjenner til saka via media, og minner om at dyremishandling er straffbart og at det er fritt fram å melde frå om saka til politiet.
– Vi ser alvorleg på slike saker, seier ho, men ho understrekar at dei har kapasitetsproblem og kan dermed ikkje love noko oppklaring dersom nokon kontaktar dei.
Fredag måtte Eivind Lois Helset få katten Miss avliva fordi han hadde store smerter etter å ha fått pelsen dekt av den luktande væska. Miss er sendt til Veterinærhøgskolen i Oslo til obduksjon, for å finne dødsårsaka.
Det var nettstaden Hellsylt info som først skreiv om saka.
– Slett ikkje bra
Om ikkje dette er noko som har blitt gjort med vilje, er katteeigaren redd for at det skal ligge eit stoff ute i naturen og han fryktar at også born kan kome bort i det.
Lensmann Evelyn Lieseth seier at om det er det som er tilfelle, bør den som eventuelt har plassert væska der ta grep.
– Om nokon oppbevarer slik væske, så er det slett ikkje bra det heller.