Hopp til innhold

Politiet: – Dei utfordrar krefter dei ikkje anar noko om

Tre menn blei tatt av ei bølgje i stormen ved Atlanterhavsvegen søndag. Sjokkerte vitne sat klar med mobilen for å ringe 113 då dei såg dei tre gå utover svaberga.

Det blei ein iskald og dramatisk søndagstur for dei tre mennene som hamna i havet på Nordmøre søndag.

Det forrykande vêret på Vestlandet i helga har fått mange til å halde seg innandørs, men slett ikkje alle. Søndag blei tre menn tatt av bølgjene ved turistikonet Atlanterhavsvegen på Nordmøre. I sekunda før gjekk dei utover svaberga i det forrykande uveret.

– Dei sto ute på svaberget ei stund og prøvde å kome seg tilbake, men det kom bølgjer heile tida. Til slutt tok dei sjansen, seier Trine Bjermeland Robertsen, som tilfeldigvis fekk fanga situasjonen på film.

Trine Bjermeland Robertsen

Trine Bjermeland Robertsen filma dei unge mennene medan sambuaren sat klar med mobilen for å ringe 113.

Foto: privat

Sat klare for å ringe 113

Robertsen var på søndagstur til Kristiansund i lag med sambuaren og stoppa ved turistikonet. Der såg ho dei tre mennene parkere ein norskregistrert bil og gå mot storhavet.

Då tok sambuaren fram mobilen.

– Han sto klar med telefonen og skulle ringe 113 dersom dei ikkje kom seg på land, seier ho.

For kort tid etter låg dei i dei brusande havmassene, omgitt av høge bølgjer og store steinar. I nokre dramatiske sekund ser ein korleis dei tre forsvinn i det iskalde havet. Ganske raskt klarer to av dei å ta seg til land, medan den tredje forsvinn.

– Kor det blei av han siste no då, spør ho sambuaren, som sit i bilen når ho filmar. Så ser dei at også han kjem seg velberga i land.

Det blir vått og mykje vind i helga

Eit heftig lågtrykk frå Island har herja på kysten i helga.

Grafikk: Meteorologisk institutt

Ber folk tenkje seg om

Politiet i Møre og Romsdal seier situasjonen fort kunne utløyst ein større redningsaksjon.

– Eg vil oppfordre folk til å tenkje seg godt om, og ikkje setje i gang unødvendige redningsaksjonar berre fordi dei vil teste naturkreftene, seier operasjonsleiar Borge Amdam ved Møre og Romsdal politidistrikt.

Operasjonsleder Borge Amdam

Operasjonsleiar Borge Amdam seier folk som vil teste ut naturkreftene fort kan utløyse ein større redningsaksjon. Dei tre mennene som hamna i sjøen ved Atlanterhavsvegen fekk politiet inga melding om.

Foto: Politiet

Amdam seier det ser ut som dei tre ikkje er klar over styrken i bølgjene, og at dei har gått alt for nært havet.

Har sett spor

For Trine Bjermeland Robertsen og sambuaren blei det ein søndag det ikkje gløymer med det første. Ho seier ho ikkje fekk snakka med nokon av mennene, men at dei tre kom seg til land for eigen maskin.

– Eg har aldri sett noko slikt. Det er vel eigentleg å leike med livet, seier ho.