Hopp til innhold

Pågreip mann etter væpna aksjon

Ein mann i slutten av 20-åra blei pågripen i ein væpna aksjon på Folkestad i Volda i dag. Han skal ta tvinga til seg eit køyretøy.

Folkestad i Volda

No ber politiet folk i Volda-området sjekke garasjene og uteområda sine om den stolne bilen kan stå der.

Bilen tok han i Ulsteinvik i 5.30-tida i dag tidleg og politiet leita sidan etter både mannen og bilen. Det er ein kvit Polo, med registreringsnummer UF 70 968. Dette er ein utleigebil frå Avis.

Søndag ettermiddag melde politiet at Poloen var funnen.

Laster Twitter-innhold

Mannen blei pågripen i formiddag. Politiet ba om tips dersom nokon hadde observert denne bilen, og ba folk i og ved Volda sjekke i nærområdet sitt.

Korleis politiet kom fram til den pågripne på Folkestad ønskjer ikkje operasjonsleiar Tove Brunvold Holst-Dyrnes å seie noko om førebels.

Ho fortel at vedkomande som blei fråtatt bilen i Ulsteinvik, forklarte seg for politiet i føremiddag. Den mistenkte blei frakta til Ålesund og blir og avhøyrt. Førebels kan ikkje politiet seie noko om kvifor og korleis mannen i slutten av 20-åra tok bilen.

Politiet kan heller ikkje seie noko om kvifor dei valde ein væpna aksjon, men opplyser at vedkomande som blei fråtatt bilen ikkje skal vere skadd.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL